Å forklare sosial handling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SOS132
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studentane kjenner det konseptuelle grunnlaget og dei empiriske implikasjonane til essensielle teoriar om sosial handling fra sosiologi, økonomi og sosialpsykologi.
- Studentane er klare over dei tverrfaglege forskjellane så vel som fellestrekka når det gjelder forklaringa av sosial handling.
- Studentane kan skildra korleis teoriar om sosial handling vert brukt i empirisk forsking.
Dugleikar
- Studentane kan utleia hypotesar som kan testast fra teoriar om sosial handling.
- Studentane kan diskutere metodiske fordeler og ulemper ved teoriar om sosial handling.
- Studentane kan utforme empiriske studiar som bidrar til å teste teoriar om sosial handling.
Generell kompetanse
- Studentane er i stand til å bruke teoriar om sosial handling i sitt kvardags- og arbeidsrelaterte sosiale liv og dermed fremme samarbeidsresultat.
- Studentane viser eit fugleperspektiv på store trendar i hele samfunnsvitskapen når det gjeld forklaringa av sosial handling.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Går første gang hausten 2026
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB.
Emnet har 50 studieplassar.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal delta i presentasjonen av éin tekst fra pensumet til seminaret (ca. 30 minuttar).
Presentasjonen kan gjerast i grupper og skal inkludere lysbilde som vil bli lasta opp til MittUiB (etter revisjon). Presentasjonen må være godkjent før studentane kan gå opp til eksamen.
I tillegg må en obligatorisk oppgåve innleverast (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig inneverande semesteret samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
2 timar skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråver etter § 5-5 i Studieforskrifta ved UiB.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengeleg for studentar med følgande resultat/fråver:
- Legeattest/gyldig fråver
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.