Sosiologiske teoritradisjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane innsikt i moderne sosiologisk teori og generell samfunnsteori. Emnet omfattar presentasjonar av ulike teoretiske perspektiv og teoretiske diskusjonar, og ein kritisk refleksjon over korleis desse ulike perspektiva kan kasta lys over aktuelle empiriske problemstillingar. Det vert lagt særskilt vekt på å presentera sosiologiske perspektiv som kan danna utgangspunkt for å utvikla eigne masteroppgåveprosjekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • grundig innsikt i sentrale problemstillingar innanfor nyare sosiologiske teoridebattar.
  • god greie på kva høve desse debattane står i til eldre sosiologiske teoritradisjonar
  • brei oversikt over ulike sosiologiske perspektiv på samfunnet
  • omfattande kunnskap om korleis dei ulike perspektiva vert brukt i empiriske studiar av samfunnet

Dugleikar

Studenten kan

  • gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av sosiologiske teoritekstar og av korleis sosiologisk teori vert brukt i studiar av samfunnet
  • skrive eigne tekstar der sosiologiske teoriar blir brukte i drøfting av samfunnsfaglege problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten har

  • eit solid grunnlag for å forstå vitskapleg argumentasjon, drøfta teoretiske problemstillingar, og gjera bruk av samfunnsteoriar og sosiologiske teoriar til å drøfta konkrete problemstillingar
  • kompetanse til å skriva og formidla avanserte vitskaplege framstillingar og kritiske drøftingar av ulike teoretiske og empiriske problemstillingar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesningar og seminar. Det er lagt til rette for studentaktivitet ved at studentane diskuterer aktuelle spørsmål i mindre grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Mappevurdering beståande av oppgåve og skuleeksamen.

  • Oppgåve (3500 ord +/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Eksamensoppgåva vert gjeve til studentane i 2. undervisingsveke, og skal leverast inn i slutten av blokkundervisinga. Tel 75 % av den samla karakteren. 
  • Skuleeksamen, 3 timar. Tel 25% av den samla karakteren. 

Det blir gitt ein samla karakter på mappa.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Oppgåve (eksamensdel 1)

Studentar med gyldig fråvær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendas til studieveileder.sos@uib.no innan innleveringsfristen.

Skuleeksamen (eksamensdel 2)

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråver etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengeleg for studentar med følgande resultat/fråver:

  • Legeattest/gyldig fråver
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråver, så vil du bli meldt til kontinuasjonseksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen

Oppgåve: alle

Skuleeksamen: Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet

Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet