Metode - kvalitative tilnærmingar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SOS304
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal utvikle ei djupare forståing av og større dugleik i bruk av ulike kvalitative tilnærmingar i empirisk sosiologisk arbeid. Det vert lagt vekt på å utvikle forståing av heile forskingsprosessen frå problemstilling til analyse. Emnet skal også gje ei forståing av kva som er mogleg med omsyn til kombinasjon av ulike metodiske tilnærmingar.
Studentane vil arbeide med produksjon av ulike former for kvalitative data, til dømes gjennom arbeid med intervju og observasjon. Dei vil særleg arbeide med analyse av slike data. Dessutan vert det lagt vekt på grunngjevinga for og kva som er mogleg i ulike metodiske tilnærmingar. Dette vil bli drøfta med utgangspunkt i konkrete forskingsdøme og arbeidet til studentane under kurset.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter gjennomført emne har studenten
- inngåande kunnskap om ulike tilnærmingar og metodar i kvalitativ forsking
- inngåande kunnskap om argument for og føremonar til val av ulike kvalitative tilnærmingar og metodar ved ulike forskingsopplegg
- inngåande kjennskap til kvalitativ forsking si historie og metodologiske grunnlag
- inngåande kunnskap om etiske problemstillingar som kan vera knytt til kvalitativ forsking
Ferdigheter
Etter gjennomført emne kan studenten
- drøfte sentrale problem og prinsipielle utfordringar og moglegheiter ved bruk av ulike kvalitative tilnærmingar og metodar
- utforme og gjennomføre ei sjølvstendig kvalitativ studie under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer; frå utvikling av problemstilling(ar), produksjon av data, analyse av kvalitative data til formidling av forskinga
- kombinere ulike kvalitative metodiske tilnærmingar
Generell kompetanse
Etter avslutta emne kan studenten
- vurdere og anvende kvalitative metodar og tilnærmingar i forskings- og utviklingsarbeid i høve til ulike forskingsspørsmål og tema
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk gruppeinnlevering av 1) Tema og plan for datainnsamling og 2) Innsamla data
Obligatorisk deltaking på formidlingsseminar.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det inneværende og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Essay på 4000 ord (+/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fråver:
- Legeattest/gyldig fråver
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.