Arbeid, klasse og utdanning

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS322 eit valemne som er knytt til forskingsprofilområdet arbeid, klasse og utdanning. Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om nyare forsking innanfor temakrinsen som dette området omfattar. Kva hovudtema og relasjonar mellom tema det vert fokusert på i undervisninga vil variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere inngåande greie for utvalde temaer, problemstillingar og forskingstradisjonar innenfor forskingsområdet arbeid, klasse og utdanning

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillingar innafor forskingsområdet arbeid, klasse og utdanning
  • skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Studenten har

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapeleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert 
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og/eller seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn eit refleksjonsnotat på 1000 ord (+/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) og gi skriftlege kommentarar på to refleksjonsnotat skrevet av medstudentar (minimum 200 ord). Arbeidskrava vurderast som godkjent/ikkje godkjent og må vere godkjent før studenten kan levere eksamensessay. 

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det inneværende og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Essay på 4000 ord (+/-10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Essayet skrivast om eit sjølv-valt emne. 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.