Prosjektutvikling
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SOS340
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt.
Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem. Arbeidet skjer gruppevis og individuelt med forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får også ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
- kunnskap om samfunnsvitskaplege prosjektdesign
- kunnskap om val av teoretiske og metodiske tilnærmingar i eit prosjektdesign
- kunnskap om kva forskingsetiske refleksjonar som bør gjerast i tilknyting til bestemte prosjektdesign
- oversikt over NSDs datatilbod og personvern for forsking
- omfattande kunnskap om kva krav som blir stilt til prosjektskisse, prosjektbeskriving og masteroppgåve i sosiologi
Ferdigheitar
Studenten kan
- utforme problemstillingar for masteroppgåva
- vurdere kva som er relevant faglitteratur
- søke etter relevant litteratur og utforme referanse- og litteraturlistar
- presentere forskingslitteraturen på eit avgrensa område
- søke NSD om løyve til å utforme ei eiga studie
- utvikle ei prosjektskisse og ein prosjektbeskriving for eit mastergradsprosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Seminar : 8 - 10 gonger
- Individuell rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på ikkje mindre enn 75% av undervisninga.
Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent for å kunne ta eksamen i emne.
Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er kun gyldig i det aktuelle semesteret
Vurderingsformer
Prosjektskildring
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.