Fagdidaktikk i spansk for lektorutdanninga 3
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SPANDI111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet spansk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:
- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
- Tilretteleggjing for læring
Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå og saman med djupare fagkunnskap, pedagogikk og praksis leggje grunnlag for reflektert undervising i spanskfaget i skolen. Emnet skal medverka til at studentane utviklar ein faglæraridentitet der dei tar heile sin faglege basiskompetanse i språk, kultur og litteratur i bruk som ressurs i undervisinga.
Læringsutbyte
Etter å ha studert emnet skal studentane:
- ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
- ha innsikt i spansk som danningsfag og dugleiksfag
- kunne lage undervisingsopplegg der arbeidsformer, arbeidsmateriale og innhald er knytte til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i spanskfaget
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
7. semester i lektorutdanning for studentar som tek faget som fag II.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing: Totalt 12 timar fordelt på seks veker.
Seminar: 2 timar
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september/1. februar, sidan emnet har midtsemestereksamen i vårsemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori. Den munnlege framføringa vil føregå digitalt på Zoom.
80% av undervisninga er obligatorisk. Undervisninga føreset aktiv deltaking og god førebuing.