Spansk grammatikk I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei grundig innføring i moderne spansk grammatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap i moderne spansk grammatikk.
  • kan bruke fagleg kunnskap på teoretiske og praktiske problemstillingar i spansk grammatikk.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har djupare forståing for det spanske grammatiske systemet i høve til norsk.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert. Studentane vil få høve til å velja ved semesterstart om dei ynskjer å følgja undervisninga på campus i Bergen eller som nettstudium. Merk at eksamen finn stad i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Sidan all undervisning går føre seg på spansk tilrår vi eit språknivå minimum A2 (jf. CEFR-skalaen) eller tilsvarande spansk nivå II frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA107 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA101, SLAN611 eller SPLA627.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går over ein 8-10 vekers periode, med to økter i veka, ettersom ressursane tillét det.

Normalt vil det vera to digitale seminar for veka og to seminar på campus, og studentane vel om dei vil følgja undervisninga på campus eller på nett, ved semesterstart.

Det vert undervist i sentrale deler av grammatikkpensum. Det vert gjort bruk av studentaktive læringsformer med stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet verta tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er to obligatoriske oppgåver om utvalde tema frå pensum. Desse må skrivast på spansk og utførast innan fristen for aktivitetane.

Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med Forskrift om studium for UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ho ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåvene må vera godkjend før ein kan gå opp til vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg skuleeksamen på spansk på fem timar. Både språk og innhald vert vurdert, og er grunnlag for fastsetjing av karakter i emnet. Eksamensstad er Bergen.
Karakterskala
Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlisten vil vere klar den 1. desember for bruk i vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.