Kultur, historie og litteratur: Latinamerikanske revolusjonar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPLA108
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kva er ein revolusjon? Og korleis har revolusjonar gått føre seg i Latin-Amerika? Kva har vore grunnane? Og kva har vore konsekvensane?
Latin-Amerika har gjennom tidene gått gjennom mange og store endringar på mange felt, til dømes i politikk, økonomi, samfunn, litteratur og kultur. Dette emnet ser på ulike typar revolusjonar i Latin-Amerika,med fordjuping i ein eller fleire av desse. Døme på innfallsvinklar til tema kan vera nasjonale revolusjonar,som t.d. i Cuba, Mexico eller Bolivia, og kulturelle revolusjonar som t.d. feminismen, det grøne skiftet og el boom literario.
Tema vil verta belyst ut ifrå ein litterær eller ein historisk ståstad, eller frå ein kombinasjon av desse. Fordjupingstema og innfallsvinkel vil skifta frå semester til semester og vil vera knytt til den pågåande forskinga ved instituttet og undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, ved semesterstart.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk historie, litteratur og kultur knytte til latinamerikanske revolusjonar som eit utvida konsept.
- har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av revolusjonar i Latin-Amerika i ein konkret kontekst.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk
- kan uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om historiske, litteratur- og kulturfaglege emne og meir ålment.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk.
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterabeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet verta tilpassa studenttalet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er to obligatoriske oppgåver. Desse må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Kvar oppgåve blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum tilsvarar om lag 375 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitterære tekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.
Litteraturlista vil vere klar den 1. desember for bruk i vårsemesteret.