Latinamerikansk historie og kultur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPLA109
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om nokre sentrale tema innan latinamerikansk politikk, økonomi og samfunn frå førkolonial tid og fram til i dag.
- har forståing for kva historiske faktorar som dannar bakgrunnen for aktuelle problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar.
- har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av latinamerikansk historie og samfunn.
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjera greie for sentrale trekk og samanhengar i latinamerikansk historie.
- kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk.
- kan uttrykka seg skriftleg og munnleg op spansk, både om historiske og kulturfaglege emne og meir ålment.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk.
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet verta tilpassa studenttalet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gjennom semesteret vil studentane gjennomføra fylgjande oppgåver:
- Ein podcast, som kan lagast individuelt eller i samarbeid mellom to studentar.
- To skriftlege oppgåver på 750-1000 ord. Oppgåvene skal skrivast på spansk.
Oppgåvene skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid, og kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisnings-semesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum tilsvarer om lag 375 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitteræretekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for bruk i vårsemesteret.