Kultur, historie og litteratur: menneske og miljø i Latin-Amerika

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Korleis har mennesket vore avhengig av naturen? Korleis har mennesket vore avhengig av dei menneskeskapte miljøa rundt seg? Og korleis har mennesket påverka naturen og andre miljø rundt seg?

Dette emnet fokuserer på tilhøvet mellom menneske og miljø i Latin-Amerika gjennom tidene ut frå ein eller fleire innfallsvinklar. Miljø vert i dette kurset forstått på ein vid måte, og kan inkludera så vel naturen og klimarelaterte problemstillingar, som fysiske, intellektuelle, spirituelle og andre menneskeskapte miljø.

Tema vil verta belyst ut ifrå ein litterær eller ein historisk ståstad, eller frå ein kombinasjon av desse.

Fordjupingstema og innfallsvinkel vil skifta frå semester til semester og vil vera knytt til den pågåande forskinga ved instituttet og undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, ved semesterstart.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har innsyn i nokre sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk historie, litteratur og kultur knytte til menneske og miljø som eit utvida konsept.
  • har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av tilhøvet mellom menneske og miljø i Latin-Amerika i ein konkret kontekst.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk.
  • kan uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om historiske, litteratur- og kulturfaglege emne og meir ålment.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og/eller nettbasert. Studentane vil få høve tilå velja ved semesterstart om dei ynskjer å følgja undervisninga på campus i Bergen eller som nettstudium.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon å ha gjennomført følgande grunnemne i spansk og latinamerikastudium: SPLA107, SPLA108 og SPLA109. Desse emna har undervisning og vurdering om våren.
Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA118 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA102 eller med SLAN614.

SPLA118 vert redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med nettvarianten SPLA638.

Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk. Normalt vil det vera to digitale seminar for veka og to seminar på campus, og studentane vel ved semesterstart om dei vil følgja undervisninga på campus eller på nett.

Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er to obligatoriske oppgåver. Desse må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Kvar oppgåve blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

I samsvar med Forskrift om studium ved UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten halda ein presentasjon på 10-12 minuttar over eit tema som vert gjeve av emneansvarleg, ei veke før eksamen. I etterkant av presentasjonen vil studenten bli eksaminert i eit anna emne frå pensum. Karakteren vert sett på grunnlag av både presentasjonen og samtalen i etterkant. Eksamensspråket er spansk.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum tilsvarar om lag 450 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitterære tekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk