Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPLA257
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap:
Kandidaten
- har solid kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan latinamerikanske språkvariantar av spansk fonetikk og grammatikk.
Dugleik:
Kandidaten
- kan bruka fonetisk og grammatisk terminologi og akademisk refleksjon i analysen av praktiske og teoretiske problemstillingar innan latinamerikansk språk og grammatikk.
- har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjere greie for språklege og grammatiske spørsmål.
Grunnkompetanse:
Kandidaten
- har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.
Den rettleidde oppgåva som vert omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det vert sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/telefon vert normalt ikkje gitt.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 3500 ord (utan bibliografi), skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.
Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel høvesvis 60 og 40 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA257. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.
Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde bacheloroppgåva utan vidare rettleiing
Vurderingsforma rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Ein kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med SPLA250-kode i same semester.