Fordjuping i latinamerikansk litteratur og kultur med bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPLA258
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SPLA258 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 10 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester.
Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein sjanger, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande.
Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor fagfeltet, og djupare kunnskapar innanfor eit avgrensa område. Dei skal arbeida sjølvstendig med faglege problemstillingar og halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har solid kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan spanskamerikansk litteratur
- har større innsyn i kontekstuelle samanhengar, litterært og kulturelt
Ferdigheiter:
Studenten
- har utvikla evne til å bruka relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar som gjeld spanskamerikansk litteratur
- har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjera greie for litterære, kulturelle og fagleg meir komplekse spørsmål
Generell kompetanse:
Studenten
- har kompetanse til å halde fram med eit masterprogram i spansk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.
Den rettleidde oppgåva som vert omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det vert sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Studentene skal også halde ein munnleg presentasjon relatert til bacheloroppgaven. Rettleiing per e-post/telefon vert normalt ikkje gitt.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 3500 ord pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.
Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel høvesvis 60 og 40 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA258. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.
Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde bacheloroppgåva utan vidare rettleiing.
Vurderingsforma rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Ein kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med SPLA250-kode i same semester.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum (om lag 600 sider) skal innehalda utvalde skjønnlitterære verk og tekstar, og dessutan litteraturvitskaplege og historiske artiklar knytte til desse.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Ein kan i særskilte høve få løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.
Pensumutvalet har så langt det er råd ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.