Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPLA259
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SPLA259 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap. Emnet skal leggja til rette for at studentane tileignar seg djupare innsikt i eit utvalt tema innan fagfeltet.
Tema kan variera frå semester til semester, men vil alltid vera henta frå fagområdet latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet kan i eitt gitt semester tilby fordjuping i t.d. ein periode, eit land, eller eit tema.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har utdjupande kunnskap om eit emne innan latinamerikansk kulturkunnskap.
- har forståing for korleis det aktuelle emnet pregar den latinamerikanske røynda.
- kan gjere greie for korleis det aktuelle emnet heng saman med sentrale trekk i latinamerikansk historie og kulturkunnskap
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar innan latinamerikansk kulturkunnskap.
- har utvikla den språklege kompetansen sin, særlig med omsyn til å tolka ulike spanske tekstar innan feltet latinamerikansk kulturkunnskap.
Generell kompetanse:
Studenten
- har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.
Den rettleidde oppgåva som vert omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det vert sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/telefon vert normalt ikkje gitt.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 3500 ord pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.
Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel høvesvis 60 og 40 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA259. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.
Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde bacheloroppgåva utan vidare rettleiing.
Vurderingsforma rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Ein kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med SPLA250-kode i same semester.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum (om lag 550 sider) skal innehalda vitskaplege artiklar/essays og oversynsverk, og utvalde historiske kjeldetekstar knytte til desse.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Ein kan i særskilte høve få løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.