Framsyningsanalyse og teaterkritikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TEAT115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Formålet med emnet er å gi studenten ei grunnleggande og systematisk forståing av framsyningsanalyse og teaterkritikk i historisk og samtidig kontekst. Hovudvekta vil ligge på teaterframsyningar, men ein vil òg kunne sjå på andre performative uttrykksformer.
Emnet har to delar. Den første delen inneheld ei innføring i teori og metode knytt til akademisk framsyningsanalyse. Den andre delen inneheld ei innføring i kritikken si historie og praksis med vekt på profesjonsutøving og kritikken sin retorikk.
Studenten skal i løpet av semesteret skrive ei rettleia framsyningsanalyse og et rettleia teaterkritikk.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten:
- grunnleggande kunnskapar om framsyningsanalysen sin akademiske teori og metode
- grunnleggande kunnskapar om kritikken sin historie og praksis
- grunnleggande kunnskapar om kritikken sin retorikk.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten:
- gi ei god skriftleg og munnleg utgreiing om emne innan framsyningsanalyse og kritikk
- laga en akademisk framsyningsanalyse
- laga ein medierelatert kritikk av ei teaterframsyning.
Generell kompetanse
Etter fullført eksamen kan studenten:
- tileigne seg ny kunnskap om framsyningsanalyse og kritikk
- Diskutere analyse og kritikk i ein kunstfagleg samanheng
- Reflektere kritisk og systematisk om teaterframsyningar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av den regulære undervisninga.
Studentane skal i tillegg gjennomføre fire obligatoriske aktivitetar:
1) Levere inn framsyningsanalyse til rettleiing.
2) Møte til rettleiing av framsyningsanalyse.
3) Levere inn teaterkritikk til rettleiing.
4) Møte til rettleiing av teaterkritikk.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Studenten skal levere to skriftlege oppgåver, ein teaterkritikk og ei framsyningsanalyse.
Teaterkritikken skal ha eit omfang på omtrent 1000 ord.
Framsyningsanalysen skal ha eit omfang på omtrent 2000 ord. Mappa vil få ein samla karakter og begge oppgåvene blir vekta 50% i vurderinga.
Begge tekstane må leverast det same semesteret.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.