Teaterestetikk og teaterteori
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TEAT211
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Formålet med emnet er å utvikle studentane sine teoretisk-kritiske refleksjonsevne i høve til teater og anna scenekunst i samtid og nær fortid. Emnet gir ei grunnleggande innføring i teaterestetikk og teaterteoriar frå slutten av 1700-tallet til i dag. Sentrale teaterestetiske teoriar frå det 19. hundreåret vert gjennomgått, men hovudfokus vil vere på teoriar frå det 20. og 21. hundreåret I tillegg vil emnet også omfatte ei grunnleggande innføring i teatervitskapelig hermeneutikk og kritisk teori.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar om moderne teaterestetiske teoriar
- grunnleggjande forståing for sambandet mellom teori og praksis innan teater
- grunnleggjande kunnskapar om teatervitskapelig hermeneutikk.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gi ei skriftleg utgreiing om ei teaterteoretisk problemstilling
- vurdere og drøfte likskapar og skilnader mellom ulike teaterestetiske teoriar
- drøfte relevansen av ein estetisk teori i høve til ein bestemt teaterpraksis.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- vurdere ei teaterframsyning eller ei teaterpraksis i lys av estetiske teoriar
- drøfte teaterestiske spørsmål i samband med samfunnstilhøve.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen. Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.