Illustrasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- VIS235
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å skape forståing for korleis bilete kommuniserer verdiar og meiningar gjennom eit visuelt språk.
Studenten vil gjennom praktisk arbeid med illustrasjon bli introdusert for verkemiddel i det visuelle språket og korleis metaforar, symbol, representasjon, synsvinklar og visuell syntaks kan nyttast i illustrasjonsfaget. Ved å fokusere på ulike forteljarperspektiv og gjennom drøfting av enkeltbilete og biletesekvensar skal studentane lære om forteljing ut frå ulike narrative strukturar og uttrykk.
Studentar i studieretninga Visuell kommunikasjon kan velgje enten dette emne, eller VIS234 Profilering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
- Kjenner til virkemiddel i visuelt språk.
- Har kjennskap til faglege termar knytte til illustrasjon.
Ferdigheiter:
- Kan nytte og reflektere over virkemiddel i eigen illustrasjonsarbeid.
- Kan undersøkje og prøve ut idear gjennom illustrative verktøy, teknikkar, metodar og uttrykksformer.
- Kan nytte og reflektere over sentrale faglege termar.
- Kan reflektere over lovgjeving for kunstnariske rettar og åndsverk i høve til eigen utøving.
Generell kompetanse:
- Studenten kan forhalde seg heilskapleg til illustrative virkemiddel i formidling.
- Kan undersøkje illustrative virkemiddel i utviklinga av eigen visuelt språk.
Fulltid/deltid
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet består av fleire deloppgåver og delgjennomgongar der studenten lærer å nytte faguttrykk i vurdering av kvarandres arbeid. I tillegg inkluderer emnet opplæring i verkstader relevante for undervisninga (til dømes videolab, Riso-verkstad).
Eksempel på undervisnings- og arbeidsformer i emnet:
- Individuelt arbeid
- Prosjektarbeid
- Førelesing
- Verkstader
- Rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Muntleg presentasjon av eigen oppgave frå emnet (20 minuttar).
(ved godkjent har studenten rett til vurdering i emnet).
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa skal innehelde:
- Dokumentasjon av prosjekt, prosess og refleksjonar relatert til illustrasjon,
- Samt refleksjon over eigen læring.