Energi (integrert masterprogram, sivilingeniør)
Dette er sivilingeniørstudiet for deg som vil vere med å løyse løyse energiutfordringane i verda. Korleis kan energiforsyning og energibruk bli lagt om slik at vi kan sikre ei berekraftig framtid? Ta ei framtidsretta sivilingeniørutdanning og bli ein ressurs for framtidas energiløysingar!
- Duration
- 5 year
- Study places
- 49
- ECTS credits
- 300
- Start of study
- Autumn
- Teaching language
- Norwegian and English
What will you learn?
Ein ferdig utdanna sivilingeniør frå dette programmet
- har solid, vitskapeleg fundert kunnskap om ulike energiressursar og korleis dei blir utnytta, og om deira fordelar og ulemper
- har spesialisering innan eit av felta 1) vind- og havenergi, 2) reservoar og geoenergi, 3) energi – og prosessteknologi, 4) kjemiske energiløysingar eller 5) modellering av energisystem
- kan utføre avanserte analysar av for eksempel ressursar, fornybar energi, systemverknad og miljøkonsekvensar
- kjenner dei teknologiske, samfunns- og miljømessige utfordringane og moglegheitene knytt til verdas energibruk og energikjelder
Student life
Vi har eit inkluderande studentmiljø på tvers av kulla, og du vil treffe studentar på liknande studieprogram i dei ulike emna. Emna i programmet er innan fysikk, informatikk, kjemi og matematikk, og vêr, hav og klima.
Studiekvardagen består av undervisning i store og små grupper, data- og rekneøvingar, laboratoriearbeid og sjølvstudium. Du kan rekne med å bruke rundt 40 timar i veka på̊ studia. Du finn lesesalplassar på̊ læringssenteret til Universitetsbiblioteket i Realfagbygget eller i Allégaten 66. Om sommaren sit mange studentar i den fine hagen framfor Geofysisk institutt.
På programmet har vi eit aktivt fagutval (Lumen), som står for både sosiale og faglege arrangement. Du får vere ein del av eit internasjonalt fagmiljø gjennom samarbeid med for eksempel Bergen Offshore Wind Centre (BOW), Bergen Energy Lab og Bjerknessenteret for klimaforsking.
Career
Sivilingeniørar med mastergrad i energi er etterspurt. Dagens utfordringar skapar aukande behov for spesialistar innan energi og energiomstilling, både i Noreg og i verda.
Utdanninga opnar for ein karriere i både privat og offentleg sektor, for eksempel innan
- energiselskap (som Equinor, Statkraft og Eviny)
- energiteknologiselskap
- konsulentselskap (som StormGeo, Multiconsult)
- universitet, høgskolar og forskingsinstitutt
- transportbedrifter (som NCE Maritime Cleantech)
- leverandørindustrien (som Aker Solutions, Aibel, Kværner)
Admission requirements and how to apply
Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.
Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires specialization in mathematics and physics from secondary education.
Teaching language
Teaching language: Norwegian and English
Study structure
Det integrerte masterprogrammet i energi er eit femårig fulltidsstudium. Dei første to åra (1.-4. semester) er felles for alle studentane på kullet. Deretter vel studentane kva spesialisering dei ønsker å fordjupe seg i. Studiet blir avslutta med ei individuell mastergradsoppgåve.
Du kan spesialisere deg i retningane
Vind- og havenergi
Kjemiske energiløysingar
Modellering av energisystem
Reservoar- og geoenergi
Energi- og prosessteknologi
Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha forelesingar, seminar og praktiske øvingar. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på nettsidene til kvar enkelt emne. Sjå nærmare på ENERGI101 - Introduksjon til energikjelder. Du kjem i kontakt med næringslivet gjennom emnet ENERGI240 - Praksisutplassering, samt gjennom ekskursjonar og bedriftspresentasjonar.
Masteroppgåva er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe deg godt i stoffet. Du kan velje mellom ulike oppgåvetema, avhengig av kva studieretning du vel.
Oppbygginga og studieløpet for dei ulike studieretningane finn du i studieplanen. Dette er eit eksempel på korleis studieløpet ditt kan sjå ut:
1. semester (haust)
ENERGI101 - Introduksjon til energikjelder og forbruk (10 studiepoeng)
MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
INF100 - Innføring i programmering (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
ENERGI102 - Livsløpsanalyse (10 studiepoeng)
MAT112 - Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
PHYS111 - Mekanikk 1 (10 studiepoeng)
3. semester (haust)
ENERGI230 - Miljø og energi (10 studiepoeng)
KJEM110 - Kjemi og energi (10 studiepoeng)
STAT110 - Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
4. semester (vår)
MAT121 - Lineær algebra (10 studiepoeng)
INNOV201 - Innovasjon ved designtenkning (10 studiepoeng)
EXPHIL-MNSEM (10 studiepoeng)
5. semester (haust)
ENERGI240 - Praksisutplassering (10 studiepoeng)
Retningsval (10 studiepoeng)
Retningsval (10 studiepoeng)
6. semester (vår)
Retningsval (10 studiepoeng)
Retningsval (10 studiepoeng)
Retningsval (10 studiepoeng)
7. semester (haust)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
8. semester (vår)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
9. semester (haust)
ENERGI399I - Masteroppgåve (30 studiepoeng)
10. semester (vår)
ENERGI399I - Masteroppgåve (30 studiepoeng)
Study abroad
Dersom du ønsker eit utanlandsopphald, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar tidleg i studiet.
Further studies
Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.
Questions about the study?
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.