Arkeologi (bachelor)

Arkeologi er vitskapen om menneske og samfunn frå den eldste forhistoria fram til nyare tid, basert på studiar av dei materielle spora av menneska si aktivitet. Arkeologi er viktig for å gi meining til historiske stader og gjenstandar som kan seie oss noko om kvar og korleis menneske har levd.

What will you learn?

Som bachelorstudent lærer du korleis arkeologar arbeider. Du får kunnskap om ulike periodar, teoriar og metodar, slik at du kan tolke, kartlegge, sortere, stad- og tidfeste gjenstandar og materiale, og bidra til aktuell samfunnsdebatt. 

Arkeologistudiet i Bergen har eit unikt opplegg der ein ser på mange ulike geografiske område i lys av kvarandre. Det er både teoribasert og praksisorientert, med innslag av materialkurs. Studiet passar for deg som liker å fordjupe deg i litteratur, samarbeide om gruppearbeid og jobbe med sjølvstendig arbeid. 

Med ein bachelorgrad i arkeologi: 

  • har du god oversikt over sentrale tema og teoriar innanfor arkeologi 
  • har du kunnskap om verktøy og metodar innanfor arkeologifaget 
  • kan du bruke fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kan du presentere aktuelt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Student life

Bachelorstudiet i arkeologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Du får ei blanding av obligatoriske og valfrie emne. I tillegg til å bruke tid på lesesalen med sjølvstudium har ei typisk veke på dette studiet 8–10 timar med forelesingar, seminargrupper og materialkurs. 

Å studere arkeologi ved UiB gir deg nærleik til spennande arkeologiske lokasjonar på Vestlandet. Bergen er ein by med ei lang og interessant historie, pågåande arkeologiske utgravingar og relevante område og studieobjekt. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di. 

Career

Samfunnet treng arkeologar for å kunne seie noko om menneskets historie og utvikling. Dei som har tatt bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan brukast i ei rekke yrkessamanhengar. Arkeologi opnar for arbeid mellom anna i offentleg forvaltning, i museumssektoren, i administrative stillingar eller i organisasjonar. 

Med bachelorgrad i arkeologi kan følgjande arbeidsplassar og stillingar verte relevante:  

  • konsulent i fylkes- og kommunesektoren  
  • museumsvert 
  • formidlar av lokal historie og i turistnæringa 
  • fagansvarleg i norske og internasjonale organisasjonar 
Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Admission requirement: GENS

You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

1. semester

Examen philosophicum (ex.phil.) (10 studiepoeng)  

Akademisk skriving eller Språkkunnskap (10 studiepoeng)  

ARK100 - Innføring i arkeologi (10 studiepoeng)  

2. semester   

ARK110 - Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr. (20 studiepoeng)  

Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr. (10 studiepoeng). Du kan velje mellom:
ARK111 - Arkeologien av jeger- og sankarsamfunn
ARK112 - Bronsealderarkeologi
ARK113 - Tema i neolittisk arkeologi
ARK114 - Aktuelle tema i arkeologi

3. semester   

ARK120 - Middelhavet, Nord-Europa og Norden frå ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. (20 studiepoeng)  

Fordjupingsemne i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr. (10 studiepoeng). Du kan velje mellom: 

ARK121 - Fordjuping i Middelalder og tidleg moderne arkeologi
ARK122 - Fordjuping i skandinavisk jernalder
ARK123 - Innføring i romersk arkeologi
ARK124 - Landskap og miljø i arkeologi
ARK125 - Bioarkeologi

4. semester

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng) 

5. semester

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)

6. semester

ARK210 - Teori og metode i arkeologi (10 studiepoeng)  

ARK250 - Bacheloroppgåve i arkeologi (15 studiepoeng)  

Fordjupingsemne i arkeologisk teori og metode (5 studiepoeng). Du kan mellom:
ARK212 - Urbane studiar i arkeologi
ARK213 - Fordjuping i arkeologisk teori og metode (2)
ARK214 - Digitale metodar i arkeologi
ARK215 - Fordjuping i prehistorisk arkeologi

Study abroad

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Du kan dra på utveksling i nesten heile verda på UiB sine avtaler. Du kan òg velje å reise til eit av våre arkeologiske samarbeidsuniversitet i Danmark, Storbritannia, Sverige eller Tyskland.  

See recommended exchange agreements

Further studies

Ein bachelorgrad i arkeologi kan gi grunnlag for vidare studium på masterprogram i arkeologi, som kvalifiserer deg til fleire yrker innanfor faget, blant anna som feltarkeolog.

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 93 70
E-mail: studierettleiar@ahkr.uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Archaeology

Link to video