Digital kultur (bachelor)

Er du interessert i forholdet mellom digital teknologi og kultur? På dette studiet får du kunnskap om elektronisk litteratur, dataspel og digital kunst. Du lærer både grunnleggande og avansert webdesign, og du får erfaring med å kommunisere i digitale sjangrar, både visuelt og tekstleg.

What will you learn?

Dei fleste teknologiutdanningar gjer deg til ein utviklar. Med utdanning i digital kultur blir du i staden ein som forstår kva teknologien betyr. Du lærer å reflektere over og formidle teknologi, både til utviklarar og andre utan særskild teknologikompetanse.   

Du vil òg kunne nok om kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved teknologien til at du kan vurdere korleis teknologiar bør brukast, og til at du kan delta i idéutvikling av nye digitale verktøy og plattformar. Alle vil lage nye ting, men kva er den rette tingen å lage? Kor skal vi bruke teknologi, og kor skal vi ikkje bruke den? 

Student life

Bachelorprogrammet i digital kultur er eit fulltidsstudium. Ei typisk veke på dette studiet har 12-14 timar med forelesingar, seminar, laboratorium og praktiske øvingar, i tillegg til sjølvstudium. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. På studiet får du arbeide kreativt, teoretisk og praktisk. Eksamen kan vere å lage ei nettside, eit kreativt, digitalt litterært prosjekt eller gjere forskingsarbeid. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet. 

Career

Etter kvart som teknologi blir ein større del av liva våre, treng vi kompetanse på korleis teknologi påverkar oss og korleis vi kan bruke den på ein måte som er trygg, rettferdig og demokratisk.   

I kultursektoren treng ein folk som veit korleis nye forteljarformer og digital estetikk kan nyttast til å lage nye kulturelle opplevingar, nye kulturarenaer og nye formidlingsformer.   

I arbeidslivet trengs det og fleire som kan vurdere kva det vil bety for organisasjonen eller brukarane å ta i bruk ein bestemt teknologi. Du kan blant anna jobbe med digitalisering, rådgjeving eller brukartesting.  

Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

1. semester

Introduksjon kunst, teater og digital kultur (10 studiepoeng)   

Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)   

Akademisk skriving eller Språkkunnskap (10 studiepoeng)   

2. semester

Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspel (15 studiepoeng)  

Datateknologi: Historie, teori og praksis (15 studiepoeng)   

3. semester

Webdesign I (15 studiepoeng)  

Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 studiepoeng)       

4.-5. semester

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)  

6. semester

Spesialiseringsemne i digital kultur med bacheloroppgåve (30 studiepoeng)

Study abroad

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Vi anbefaler og legg til rette for at du skal kunne reise på utveksling i eitt eller to semester. Du kan velje blant mange ulike fag frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar i for eksempel Hong Kong eller Australia.

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter ferdig bachelorgrad kan du søke på masterprogrammet i digital kultur. Dei som har tatt ein mastergrad får gjerne jobb med digitalisering i det offentlege, i kultursektoren og i det private. Nokre startar òg eigen bedrift.

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 93 70
E-mail: studierettleiar.lle@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Digital Culture