Historie (bachelor)

Historiefaget handlar om politikk, samfunn og kultur. Her lærer du om samfunnsutviklinga i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida, forstår vi betre verda i dag. Dermed står vi betre rusta til å gjere gode val for framtida.

What will you learn?

Historiefaget prøver å finne svar på korleis kunnskap om fortida kan bidra til ei betre forståing av nåtida. På studiet får du innsikt i korleis historikarane arbeider med å skaffe og skape kunnskap om fortida. Du lærer òg korleis ulike metodar påverkar vår tolking av  fortida.   

Du får innsikt i dei store linjene i historia. Du lærer om spesialfelt som for eksempel migrasjonshistorie, kvinne- og kjønnshistorie, økonomisk historie eller vitskapshistorie. Historiefaget er kjenneteikna ved stor breidde. Det blir forska og undervist i alt frå bronsealder til vår eiga tid.

Med ein bachelorgrad i historie:  

  • får du god oversikt over norsk og internasjonal historie  
  • får du god innsikt i sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar  
  • kan du drøfte og kritisk vurdere historiske framstillingar 
  • har du erfaring med å handtere store informasjonsmengder, og med å formidle fagstoff
Student life

Bachelorprogrammet i historie er eit fulltidsstudium.  I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med medstudentar, kan ei vanleg veke ha 6-8 timar med undervisning i form av forelesningar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk. Du har stor fridom til å forme innhald og oppbygging av graden, og vi tilbyr fleire temaval for bacheloroppgåva. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Career

Som historikarar har du attraktiv kompetanse for dagens arbeidsgjevarar. Du vil få ferdigheiter til å tenke sjølvstendig og analytisk, handtere store informasjonsmengder og sjå problemstillingar frå ulike perspektiv. 

Du kan for eksempel arbeide som:  

  • lærar 
  • arkivar  
  • journalist eller kommentator innan media  
  • museumspedagog på museum  
  • rådgjevar i offentleg forvaltning   
  • redaktør eller konsulent i eit forlag   
  • fagansvarleg i norske og internasjonale organisasjonar   
Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Admission requirement: GENS

You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Bachelorprogrammet i historie er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du vel spesialisering i historie eller spesialisering i Midtaustens historie.   

Slik er studiet lagt opp med spesialisering i historie: 

1. semester 

Ex.phil - seminarmodell eller Ex.phil - skuleeksamen (10 studiepoeng)  

Akademisk skriving (10 studiepoeng)  

Innføring i historie (10 studiepoeng) 

2. semester  

Oversyn over eldre historie (15 studiepoeng)  

Oversyn over nyare historie (15 studiepoeng) 

3. semester  

Valemne historie. Du kan velje mellom to til tre ulike  valemne (15 studiepoeng) 

Valemne historie. Du kan velje mellom to til tre ulike valemne (15 studiepoeng) 

4. semester  

Teoriar, metodar og historiske  kjelder (15 studiepoeng)  

Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng) 

5. semester  

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng) 

6. semester 

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng) 

Study abroad

Å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet i historie er sterkt anbefalt! Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Du kan reise til nesten heile verda, med ein av UiB sine mange utvekslingsavtalar. Du kan blant anna reise til våre samarbeidsuniversitet i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Nederland.

See recommended exchange agreements

Further studies

Med fullført bachelorgrad i historie kan du ta eit toårig masterprogram i historie ved UiB.

Dersom du kombinerer historie med mastergrad og eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Da blir du kvalifisert til å undervise i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 93 70
E-mail: studierettleiar@ahkr.uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in History