Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Japan er ei økonomisk stormakt. I tillegg til ein betydeleg teknologisk industri har landet utvikla ein særeigen populærkultur i form av teikneseriar og film. Noreg treng folk som kjenner Japan frå innsida. Det er berre mogleg gjennom kjennskap til språket og kulturen.
Japanskfaget er først og fremst eit språkstudium, med fokus på både praktiske ferdigheiter i japansk og kunnskap om språket. Det er eit spennande språk å tileigne seg, med alle sine mange skriftteikn, annleis vokabular og fascinerande grammatikk.
Gjennom studiet av språket kan ein opne døra til ein svært rik og mangfaldig kultur som skil seg frå den europeiske på mange måtar. I løpet av bachelorgraden får ein reise til eit japansk universitet i to semester (eitt år) gjennom UiB sine utvekslingsavtalar.
Dette er eit fulltidsstudium. Gjennom ulike undervisningsformer får du moglegheit til å studere faget på ulike måtar.
I tillegg til sjølvstudium kan ei typisk veke innehalde:
Det er om lag fem-seks dobbeltimar (10-12 timar) undervisning i veka, men undervisningsmengda vil variere litt frå semester til semester. Oppmøte er obligatorisk.
Faget har svært godt studentmiljø, med aktivt fagutval og god kontakt mellom forelesarar og studentar. Mange av dei japanske studentane ved UiB finn vegen til vårt fag og deltar på ulike sosiale aktivitetar.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.
For å kunne bruke japansk aktivt i jobbsamanheng må du beherske språket på avansert nivå. Då treng du ein mastergrad.
I internasjonal handel og japanske bedrifter er engelsk mest brukt. Inngåande kjennskap til japansk veremåte, omgangsformer og skikkar er likevel svært verdifullt og nødvendig.
Nokre av dei moglegheitene du har, er å:
You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.
Teaching language: Norwegian and Japanese
Bachelorprogrammet i japansk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Japansk historie, samfunn og språk (10 studiepoeng)
2. semester
Japansk språk og grammatikk 1 (15 studiepoeng)
Japansk språk - lesing og skriving (10 studiepoeng)
Japanstudiar - forskingstema (5 studiepoeng)
3. semester
Japansk språk og grammatikk 2 (15 studiepoeng)
Japansk språk - lesing og skriving (10 studiepoeng)
Japanstudiar - forskingstema (5 studiepoeng)
4. semester
Japansk språk og omsetting (15 studiepoeng)
Utveksling (utreise i siste del av mars): frie emne i Japan (10 studiepoeng)
5. semester (haust)
Utveksling: frie emne i Japan (30 studiepoeng)
6. semester (vår)
Utveksling: frie emne i Japan (20 studiepoeng)
Bacheloroppgåve i japansk (oppstart midten av mars) (10 studiepoeng)
På dette studiet er det eitt år obligatorisk utveksling. Det er mogleg å velje mellom mange ulike fag frå anerkjende utdanningsinstitusjonar over heile Japan.
Mange vel å ta fag innanfor japansk språk under utvekslingsopphaldet, medan nokon vel andre fagområde. Eit utvekslingsopphald på to semester gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Etter du er ferdig med bachelorgraden, kan du ta ein toårig master i japansk ved Universitetet i Bergen eller ved eit japansk universitet.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.