
Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Kulturen er til stades i alt vi gjer – i maten vi et, omgangen vår med vener og familie, haldningar til kropp og hygiene, ja, til og med i korleis vi går og står. På kulturvitskap lærer du om kvardagskultur, om korleis menneske skapar meining i kvardagen og om samspelet mellom menneske og verda.
Som bachelorstudent lærer du om mennesket som kulturskapar og kulturberar, og om korleis ein kan forstå eit kulturelt fenomen. I faget jobbar du med både historisk forskingsmateriale og materiale frå samtida, blant anna tekst, bilde og film.
Med ein bachelorgrad i kulturvitskap lærer du:
Aktuelle tema du kan fordjupe deg i, er blant anna:
Bachelorprogrammet i kulturvitskap er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med andre studentar, vil ei vanleg veke innehalde forelesingar og seminargrupper. Kor mange timar undervisning du har, varierer litt frå semester til semester. Utanom sjølvstudium vil du bruke omtrent 6-8 timar i veka på ulike undervisningsaktivitetar.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Med ein bachelorgrad i kulturvitskap kvalifiserer du til jobbar i heile kulturfeltet og i offentleg administrasjon.
Som kulturvitar vil du vere spesielt kvalifisert til arbeid i:
You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.
Teaching language: Norwegian
Vi anbefaler denne rekkefølga for studiet:
1. semester
Ex.phil. Vel enten seminarmodell eller skolemodell (10 studiepoeng)
Innføringsemne. Vel enten akademisk skriving eller språkkunnskap (10 studiepoeng)
Innføring i kulturvitskap (10 studiepoeng)
2. semester
Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskaplege syn på verda (15 studiepoeng)
Valemne i kulturvitskap (15 studiepoeng)
3. semester
Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter (15 studiepoeng)
Tinga og vi. Materialitet og meining (15 studiepoeng)
4. semester
Bacheloroppgåve i kulturvitskap (15 studiepoeng)
Valemne i kulturvitskap (15 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar kulturvitskap kan det for eksempel vere interessant å reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Tyskland eller Sverige.
Ein bachelorgrad i kulturvitskapgir moglegheiter for å søke opptak på masterprogram i kulturvitskap. Etter oppnådd mastergradkan du ta etter- og vidareutdanning, blant anna om museum, og om korleis skrive ein vitskapeleg artikkel. Etter ein mastergrad kan du også søke på doktorgradsstipend.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.