Kunst (bachelor)

Bachelorprogrammet i kunst er en utdanning for deg som ønsker å utdanne deg til profesjonell kunstnar. Kjernen i utdanninga er å utvikle din eigen kunstnariske praksis, og å forstå ditt arbeid i eit større samtidskunstfelt.

What will you learn?

Frå studiestart møter du aktive kunstnarar, og det er tett kontakt mellom student og undervisar.

På bachelorprogrammet styrer du mykje eiga læring og må ta ansvar for å tileigne deg eit brei og relevant  kunnskap for utviklinga av eigen kunstpraksis. Gjennom studiet lærer du å presentere og reflektere over ditt eige og andre sine kunstnariske arbeid. 

Våre ansatte si faglege og tekniske kompetanse omfattar fotografi, grafikk, installasjon, keramikk og leire, lyd, maleri, performance, skulptur, teikning, tekstil,  video og det digitale. 

Bachelorprogrammet opnar også for kunstnariske praksisar som ikkje er knytt til bestemte medium og materialar.

Student life

Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst tilbyr eit stimulerande og utfordrande læringsmiljø for motiverte studentar. Her får du dei aller beste tilhøva for å utvikle deg som kunstnar.

Hos oss vil du oppleve at det er kort avstand til dei tilsette. Du får tildelt ein hovudrettleiar som du har kontakt med gjennom heile studiet.

Kunst- og designstudia held til i eit splitter nytt bygg på Møllendal like utanfor Bergen sentrum. Du får tilgang til verkstadar og utstyr som få kunstinstitusjonar i verda kan tilby. Til dømes får du ditt eige studie og tilgang på verkstader i Møllendalsveien 61.

Du vil bruke mest tid på å utvikle din eigen kunstnariske praksis. Undervisninga får du i hovudsak form av rettleiing, både individuell og i grupper, men andre undervisningsformer som praktiske og tekniske øvingar og kurs, skrivestøtte og forelesingar brukast også mykje.

Career

Med ein bachelorgrad i kunst kan du arbeide sjølvstendig og målretta, åleine og saman med andre. Du vil vere rusta til å jobbe som:

  • Profesjonell kunstnar
  • Kurator
  • Kritikar
  • Produsent
  • Teknikar
  • Undervisar
Admission requirements and how to apply
Admission requirement: GENS

You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.

Les mer om opptaksprosessen: https://www.uib.no/node/111116

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Bachelorprogrammet i kunst er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Utdanninga er forankra i rettleiing, særleg i dei obligatoriske emna for kunstpraksis (ART). Kjernen er å utvikle din egen kunstnariske praksis, sett i samanheng med kunsten sin plass i kultur og samfunn. Kunstpraksis-emner auker i omfang og progresjon.

I bachelorprogrammet skal du ha tekniske og metodiske støtte-emnar (MEME). Emna underviser i metodebaserte tilnærmingar, ofte i verkstedar og laboratorium, som støtte i arbeidet med å gi idear og intensjonar form. Samtidig får du kjennskap og forståing for materiale, medium og fagtradisjonar. 

Du har også  kunstteoretiske emnar (REF) som bidrar til å styrke  dine evne til kritisk refleksjon og formidling. Gjennom ulike undervisningsformer, for eksempel seminar og gruppediskusjonar, utviklast et felles omgrep og analytisk forståing for kunst. Skrivekurs inngår som en gjennomgåande del av studieopplegget. 

I tillegg kan du da  ei rekke valgemne (PRO) tilpassa ein skapande kunstprakis. Valgemna er ofte prosjektbaserte ogein del av pågåande forskningsprosjekt i kunstnarisk utviklingarbeid.

Sjå oversikt over alle emne

Study abroad

Du kan reise på utveksling til utlandet i tredje og/eller fjerde semester. KMD og Kunstakademiet har inngått utvekslingsavtaler med mange interessante studiesteder. Oversikt over alle utvekslingsavtalene finner du her.

Informasjon om utveksling

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter bachelorgraden kan du søke deg vidare til masterprogrammet i kunst, masterprogrammet i kuratorpraksis eller eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Etter mastergrad kan du og fordjupe deg vidare ved å søke opptak til ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid.

Questions about the study?

Phone number: 55587300
E-mail: studieveilederkmd@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Fine Art