Biologi (bachelor)

Er du interessert i biologi? Vil du lære meir om korleis levande organismar fungerer? Har du lyst til å lære biologi gjennom aktiv undervisning og praktisk lab- og feltarbeid? Da er bachelorprogrammet i biologi noko for deg!

What will you learn?

Dette studieprogrammet gir deg ein grunnleggande og tverrfagleg kompetanse i biologi og naturvitskap. Du vil lære om økologi, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi og cellebiologi, med evolusjonsteorien som bakgrunn. 

Gjennom undervisning, felt- og laboratoriearbeid får du mange praktiske og teoretiske ferdigheiter som biologar bruker i jobben sin. Studieprogrammet gir deg eit godt grunnlag for å forstå kompleksiteten i naturen og dei grunnleggande spørsmåla om livet. Du lærer også korleis biologar kan bidra til å løyse dagens og framtidige samfunnsutfordringar.  

Student life

Studieprogrammet er delt inn i seks semester, og kvart semester (haust eller vår) tar du normalt tre emne på til saman 30 studiepoeng. Studiekvardagen består av undervisning på campus og sjølvstudium, og det er forventa at du bruker mellom 37 og 40 timar kvar veke på studia. Undervisninga består av  blant anna forelesingar og studentaktiv undervisning, gruppearbeid, felt- og laboratoriearbeid. Undervisninga og pensum er på norsk og engelsk.  

Praktisk felt- og laboratoriearbeid er ein viktig del av studieprogrammet. På laben lærer du biologi i praksis innanfor mikrobiologi, zoologi, botanikk, fysiologi, cellebiologi og genetikk. Du får også reise på feltkurs til mange ulike naturtypar på fjellet og i fjæra, og prøve deg på forsking på for eksempel karbonlagring i naturen i Bergen.  

Career

Ein bachelor i biologi gir deg ei rekke praktiske og akademiske ferdigheiter, samt solid teoretisk biologisk forståing, som er nyttige i arbeidslivet.

Mange biologar arbeider innanfor:

  • natur- og miljøforvaltning
  • havbruk
  • skoleverk
  • offentleg forvaltning
  • industri
  • miljøorganisasjonar
  • medie- og konsulentbedrifter.  

I dei fleste tilfella opnar det seg fleire moglegheiter dersom du også tar ein mastergrad. Universitetet i Bergen tilbyr fleire masterprogram som bygger på bachelorgraden i biologi.  

Admission requirements and how to apply
Admission requirement: REALFA

Generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og i tillegg anten:

Matematikk R2 eller
Fysikk 1 og 2 eller
Kjemi 1 og 2 eller
Biologi 1 og 2 eller
Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
Geofag 1 og 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 og 2

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

1. semester:

Innføring i evolusjon og økologi (BIO100, 10 studiepoeng)

Innføring i molekylærbiologi (MOL100, 10 studiepoeng)

Brukarkurs i matematikk I (MAT101, 10 studiepoeng) eller Matematikk for naturvitskap (MAT105, 10 studiepoeng) 

2. semester:

Organismebiologi 1 (BIO101, 10 studiepoeng)

Kjemi grunnkurs (KJEM109, 10 studiepoeng)

Innføring i programmering (INF100

3. semester:

Organismebiologi 2 (BIO102, 10 studiepoeng)

Elementær statistikk (STAT101, 10 studiepoeng)

Grunnkurs i mekanikk og varmelære (PYHS101, 10 studiepoeng) 

4. semester:

Cellebiologi og genetikk (BIO103, 10 studiepoeng)

Komparativ fysiologi (BIO104, 10 studiepoeng)

Examen philosophicum – enten seminarmodellen (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng) eller skoleeksamen (EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng)

5. og 6. semester:

Valemne ved UiB eller utveksling til utlandet/UNIS på Svalbard (30 studiepoeng)

Study abroad

Du kan reise på utveksling i femte og/eller sjette semester. Du kan reise til Australia, Canada, Nederland, Portugal, Storbritannia, Tsjekkia, Tyskland og USA. UiB har avtalar med mange universitet over heile verda som du også kan søke på. Du kan også studere arktisk biologi ved UNIS på Svalbard.  

See recommended exchange agreements

Further studies

Bachelorprogrammet i biologi gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i biologi og andre relevante masterprogram.

Questions about the study?

Phone number: 55583030
E-mail: info.nt@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Biology