Informatikk: datateknologi (bachelor)

Informatikk er vitskapen bak programvarer, frå enkle mobilappar til avanserte IT-system. På studiet lærer du programmering, testing og utvikling av datasystem. Du får trening i praktisk problemløysing og lærer prinsipp, teknikkar og metodar for programutvikling i Phyton, Java og Haskell.

What will you learn?

I løpet av utdanninga får du kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast blir brukt for å utvikle avanserte datasystem. Du får erfaring med verktøy og teknikkar som blir brukt i moderne systemutvikling, og kjennskap til informatikken sin relevans for og rolle i samfunnet. 

Student life

Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. 

I løpet av ei vanleg veke på studiet vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. 

Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket. 

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.  

Career

Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar innanfor mange ulike bransjar. Typiske jobbar er systemutviklar og IT-konsulent.  

Du kan jobbe i  

  • IT-bransjen 
  • energi- og oljeindustrien 
  • konsulentverksemder 
  • FinTech (finansteknologi) 
Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 55.8
Primary quota: 46.1

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: MATRS

Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires documentation of specialization in mathematics from secondary education.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

1. semester

Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng) 

Innføring i programmering (10 studiepoeng)  

Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 

2. semester

Databasar og modellering (10 studiepoeng)  

Objektorientert programmering (10 studiepoeng)  

Diskrete strukturar (10 studiepoeng)  

3. semester

Funksjonell programmering (10 studiepoeng)  

Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)  

Innføring i operativsystem (10 studiepoeng)  

4. semester

Programmeringsspråk (10 studiepoeng)  

Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)  

Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 

5. semester 

Programvaresikkerheit (10 studiepoeng)  

Multiprogrammering (10 studiepoeng)  

Valemne (10 studiepoeng) 

6. semester

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne i matematikk (10 studiepoeng) 

Study abroad

Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass. 

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til eit toårig masterprogram i informatikk eller masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk.  

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 30 30
E-mail: info.nt@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Computer Technology