Kjemi (bachelor)

Kjemi handlar om stoff, deira samansetting, eigenskapar og bruk. Du får teknologisk innsikt og viktige ferdigheiter i eksperiment og analyse. Kjemikarar spela ei viktig rolle i miljøarbeid, fornybar energi, mattryggleik og medisinsk forsking. Studiet gir deg kunnskap om korleis alt heng saman!

What will you learn?

Kjemistudiet gir hovudsakleg kjemikunnskap, men også innsikt i molekylærbiologi, matematikk, fysikk og programmering for eit breitt naturfagleg fundament. Dette gjer at ein kan jobbe i tverrfaglege miljø og med tverrfaglege problemstillingar.

I studiet utviklar ein kjemifagleg kompetanse, men også evner til samarbeid, kommunikasjon og problemløysing. Det praktiske lab-arbeidet, der ein utfører kjemiske reaksjonar, analysar og undersøkingar, er verdifull kunnskap i samfunnet - og blir stadig viktigare for å løyse framtida sine utfordringar. Gjennom bachelorprosjekt i forskingsgruppene utviklar ein blant anna evna til å jobbe i internasjonale team, samt evna til kritisk refleksjon og planlegging av undersøkande arbeid. Den moderne og avanserte instrumentparken på Kjemisk institutt gir ‘hands-on'-erfaring og teknologisk innsikt.  

Student life

Studiet inneheld forelesingar og gruppearbeid for problemløysing og diskusjonar. Praktisk laboratoriearbeid er viktig, og øvingar blir gjennomført med medstudentar. Mot slutten av studiet utfører du eit forskingsprosjekt (inkludert 6 veker i lab) og skriv ei bacheloroppgåve i samarbeid med ei forskingsgruppe.

Sjølvstudium er også sentralt, der du bruker lesesal og bibliotek til å arbeide med pensum. Diskusjon og samarbeid med medstudentar er viktige delar av studiekvardagen. Kjemistudentane har sosialt samlingsrom, "Basen," i Realfagbygget, og studentorganisasjonen Valens-Kjemisk Fagutval arrangerer sosiale treff og aktivitetar, som skaper eit godt faglig og sosialt miljø.

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe med to mentorar, som er erfarne studenter. Du vil møte gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

Career

Med ei utdanning i kjemi opnar det seg mange moglegheiter. Du kan finne arbeid innafor ei rekke industriar, inkludert olje og gass, i legemiddelindustrien og i Forsvaret. Helsesektoren, offentleg forvaltning og diverse konsulentselskap er også aktuelle arbeidsområde. Vidare er bioteknologi, miljø og akvakultur sektorar der kjemikunnskap er etterspurt. Kjemikaren står sentralt i det grøne skiftet og er blant anna aktuell for innovative bedrifter innan marine ressursar og fornybar energi. I tillegg til desse praktiske områda er kjemi ein sentral vitskap i forsking og undervisning.   


 

Admission requirements and how to apply
Admission requirement: REALFA

Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires specialization in mathematics from secondary education. In addition, specialization in either physics, chemistry, biology, information technology, earth science or technology and research theory.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, som vil seie at du vil bruke om lag like mykje tid på studiet som på ein full jobb. Studiet varer i 3 år (6 semester) og startar i august. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Alle emna er på 10 studiepoeng, og du tar derfor tre emne kvart semester. 

1. semester  

Matematikk for naturvitskap (MAT105, 10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I ( , 10 studiepoeng) eller MAT101 Brukarkurs i matematikk 1 (10 studiepoeng) 

Kjemi og energi  (KJEM110, 10 studiepoeng)

Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)

2. semester  

Organisk kjemi (KJEM130, 10 studiepoeng)

Grunnstoffas kjemi (KJEM120, 10 studiepoeng)

Brukarkurs i matematikk II  (MAT102, 10 studiepoeng)

3. semester  

Innføring i molekylærbiologi (MOL100, 10 studiepoeng)

Kjemisk syntese og analyse (KJEM124, 10 studiepoeng)

Grunnkurs i mekanikk og varmelære (PHYS101, 10 studiepoeng)

4. semester

Molekylær fysikalsk kjemi (KJEM140, 10 studiepoeng)

Kjemisk termodynamikk  (KJEM210, 10 studiepoeng)

Examen philosophicum, enten skoleeksamen (EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng) eller seminarmodell  (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)

5. semester  

Tre valfrie emne (eller utveksling) (30 studiepoeng)

6. semester   

Vitskapeleg formidling (KJEM291, 10 studiepoeng)  

Bachelorprosjekt i kjemi (KJEM299, 10 studiepoeng)

Analytisk kjemi (KJEM250, 10 studiepoeng)   


 

Study abroad

Studieplanen er lagt opp slik at du kan reise på utveksling i 5. semester, der du har berrevalfrie emne i studieplanen. 

Du kan søke på avtalar som Kjemisk institutt, fakultetet og UiB har. 

See recommended exchange agreements

Further studies

Ein bachelorgrad i kjemi kvalifiserer til opptak til mastergrad i kjemi, som opnar for stor valfridom med mange yrkesretningar. Dersom du tar valemne i bachelorgraden innan fysikk og biologi som dekker krav til undervisning i naturfag, kan du ta eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar i kjemi og naturfag.

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 34 45
E-mail: studierettleiar@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Chemistry