Matematikk (bachelor)
Matematikk er avgjerande for å forstå og løyse utfordringar innan klima og fornybar energi, og for å forklare problem som Einsteins relativitetsteori. Moderne teknologi, som kvantedatamaskinar og fusjon, er avhengig av matematikk. Nysgjerrigheit er ein viktig eigenskap for å studere matematikk.
- Duration
- 3 year
- Study places
- 20
- ECTS credits
- 180
- Start of study
- Autumn
- Teaching language
- Norwegian
What will you learn?
I løpet av studietida får du
- grunnleggande kunnskapar i matematisk analyse, lineær algebra, abstrakt algebra og topologi
- valfridom til å fordjupe deg i dei delar av matematikken du finn mest interessant, eller bruke dei mange valfaga til å kombinere matematikk med for eksempel fysikk, informatikk, andre realfag eller fag frå andre fakultet
- solid kjennskap i å lese og forstå matematiske tekstar og å skrive eit eige prosjektarbeid innan eit valfritt tema
- eit godt utgangspunkt for vidare masterstudium innan fleire greiner av matematikk eller andre realfag
- ein ettertrakta analytisk kompetanse for arbeidslivet som kan brukast innanfor mange ulike bransjar, som for eksempel teknologi, økonomi, kunst, marknadsføring, forsking eller medisin
Student life
Du tilhøyre matematisk institutt, der du blir del av eit godt studiemiljø. Matematisk institutt har ei studentforeining som organiserer sosiale aktivitetar som spelkveldar, hytteturar, idrettsarrangement og eksamensfester.
Studentane trivst med fridomen i studiekvardagen og hjelper kvarandre og jobbar gjerne saman i mindre grupper. Det er mogleg å ta delar av graden i utlandet gjennom mange utvekslingsavtalar.
Bachelorprogrammet er et fulltidsstudium, med 18-24 timar undervisning i forelesingar og seminar. I tillegg må du rekne med sjølvstudium og gruppeoppgåver, der eldre studentar kan hjelpe deg.
Som ny student blir du med i ei mentorgruppe med to erfarne mentorar. I møta diskuterer du studieteknikkar og studentliv, og blir godt kjent med medstudentane. Dette hjelper deg å forstå universitetslivet og bli tryggare som student.
Career
Matematikarar jobbar i bedrifter og offentlege verksemder som treng medarbeidarar som kan jobbe med tal og analyse, samt utvikle modellar og bruke matematiske metodar.
Studentane våre jobbar for eksempel
- i konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman
- med forsking og undervisning på lærar- og ingeniørhøgskolar, i forskingsinstitutt (Havforskingsinstituttet, Norsk reknesentral og liknande) og på universitet
- med kryptografi og sikkerheit, for eksempel hos Simula og forsvarets forsking.
Admission requirements and how to apply
Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires specialization in mathematics from secondary education. In addition, either specialization in either physics, chemistry, biology, information technology, earth science or technology and research theory.
Teaching language
Teaching language: Norwegian
Study structure
Slik kan studiet sjå ut:
1. semester:
Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
Innføring i matematikk (MAT100**, 10 studiepoeng)
2. semester:
Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
3. semester:
Reell analyse (MAT211, 10 studiepoeng)
Funksjonar av fleire variable (MAT212, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
4. semester:
Algebra (MAT220, 10 studiepoeng)
Komplekse funksjonar (MAT213*, 10 studiepoeng)
Exphil (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)
5. semester:
Kommutativ algebra (MAT224*, 10 studiepoeng)
Topologi (MAT242*, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
6. semester:
Prosjektarbeid i matematikk (MAT292, 10 studiepoeng)
Mangfaldigheiter (MAT243*, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
* Berre eitt av emna trengst for å oppnå ein bachelorgrad i matematikk, men alle fire er anbefalt. Minst to av emna trengst for opptak til master i Matematikk.
** Innføringsemne, men ikkje obligatorisk for graden/spesialiseringa
Study abroad
Du kan reise på utveksling som del av dette studieprogrammet. Fjerde, femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark.
Further studies
Ei naturleg fortsetting på bachelorstudiet er masterprogrammet i matematikk. Du vil vere kvalifisert til ei rekke andre masterprogram også, avhengig av valemna i bachelorgraden din. Med ein mastergrad blir du meir attraktiv på arbeidsmarknaden.
Questions about the study?
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.