Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Fysikk er for deg som er interessert i heile naturen, frå det indre i atomkjernane til dei fjernaste galaksane. Fysikk er opptatt av å finne svaret på fundamentale spørsmål om naturen. Fysikk forklarer naturfenomen og dannar grunnlaget for nesten all ny teknologi som skaper framtida vår.
På bachelorstudiet får du brei kompetanse innan fysikk og teknologi og gjer deg godt rusta til eit arbeidsliv i stadig endring. Du vil lære teori, teknologi og analytiske ferdigheiter som er relevante for medisin, forsking og teknologisk innovasjon, samt områder som strategi, forvaltning og økonomi, IT og mediebransjen.
Som fysikkstudent får du djupt innblikk i fysiske prosessar i naturen gjennom ei kombinasjon av teori, eksperiment og modellar, som er relevante for forsking og industri. Du lærer om alt ifrå atomkjernar og elementærpartiklar, til sola og universet.
Studiet avsluttast med ei prosjektoppgåve, der du kan arbeide med eit tema som interesserer deg. Her vil du lære å samle inn, analysere og presentere data i eit vitskapleg format.
Ein utdanna fysikar kan løyse komplekse problem, har gode matematiske kunnskapar og kan programmere, noko som gjer deg attraktiv i arbeidsmarkedet.
Bachelorstudiet i fysikk er eit studium på fulltid, der du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Ei studieveke består normalt av 40 arbeidstimar der ei typisk veke vil innehalde forelesingar, seminargruppe, laboratorium, praktiske øvingar og sjølvstudium.
Alle fag har oftast minst ein obligatorisk aktivitet, men undervisninga er sjeldan obligatorisk. Av 180 studiepoeng er 50 studiepoeng valfrie, altså kan du sjølv velje dei faga som du interesserer deg for.
Som fysikkstudent høyrer du til Institutt for fysikk og teknologi. Vi held til på fysikkbygget der du som bachelorstudent har eigen lesesal og rom til studiar og sosiale aktivitetar. Elles finn du og lesesalar og bibliotek i Realfagbygget som er rett ved sida av.
På instituttet har vi eit levande og godt studentmiljø og ei aktiv studentforeining.
Med ei fysikkutdanning er du allsidig og kan få arbeid innanfor fleire sektorar. Tidlegare studentar frå oss finn du hos European Space Agency, CERN, Apple, Haukeland Sjukehus, Equinor, Texas Instruments, Høgskulen på Vestlandet med meir.
UiB og Institutt for fysikk og teknologi byr og på masterstudium i relevante spesialiseringar til ein som har bachelor i fysikk. Dermed er du med ei fysikkutdanning veleigna til fleire roller i samfunnet i dag.
Read interviews with former studentsTeaching language: Norwegian
1. semester
Innføring i astrofysikk (PHYS109, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
2. semester
Mekanikk (PHYS111, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
3. semester
Elektromagnetisme I (PHYS112, 10 studiepoeng)
Mekanikk 2 og termodynamikk (PHYS113, 10 studiepoeng)
Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng)
4. semester
Grunnleggande målevitskap og eksperimentalfysikk (PHYS114, 10 studiepoeng)
Moderne fysikk (PHYS118, 10 studiepoeng)
Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)
5. semester
Valfritt emne (10 studiepoeng)
Signal- og systemanalyse eller Moderne fysikk II (PHYS116, 10 studiepoeng)
Eksamen philosophicum (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)
6. semester
Bacheloroppgåve i Fysikk (10 studiepoeng)
Valfrie emne (20 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Canada, USA, Australia, England, Kina, Tyskland eller dei nordiske landa. Du kan og søke på Teknisk Student Programmet på CERN, og vere eit heilt år på verdas største fysikklaboratorium rett utanfor Geneve.
UiB tilbyr masterstudium i fysikk ved UiB innan ei rekke fagområde. Du kan òg søke opptak til masterstudium i fysikk ved andre universitet i Noreg og i utlandet. Har du lyst til å bli lærar på kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning innan fysikk og matematikk.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.