Tannpleie (bachelor)

Bachelor i tannpleie fører fram til autorisasjon som tannpleiar. Tannpleiaren undersøker tenner og munnhole, reingjer, fjernar tannstein, tar røntgenbilete, diagnostiserer tannsjukdom og underviser.

What will you learn?

På tannpleiestudiet lærer du å gi rettleiing til pasientar og grupper og å bidra til å førebygge sjukdommar i munnhole og fremme tannhelse. Du lærer å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Du lærer også om rolla Den offentlege tannhelsetenesta spelar i det systematiske tannhelsefremmande arbeidet i Norge. I tillegg til odontologiske og naturvitskapelege fag består tannpleiestudiet av samfunnsfag og pedagogikk/psykologi. 

Med ein bachelorgrad i tannpleie får du brei kunnskap om helserelaterte basalfag, fag innanfor folkehelse og odontologiske kliniske fag. Du skal kunne 

  • undersøke tenner og munnhole 
  • ta opptak av og granske røntgenbilete 
  • diagnostisere tannsjukdom klinisk og ved bruk av røntgenbilete 
  • behandle tannkjøttssjukdommar 
  • sette lokalbedøving 
  • undersøke bitt 
  • legge midlertidige fyllingar 
  • utføre profesjonell tannreingjering 
  • kommunisere godt med pasientar og pårørarande
Student life

Som tannpleiestudent har du om lag 30 timar undervisning i veka, og størstedelen av undervisninga er obligatorisk. Gjennom studiet øver du på behandlingsteknikkar på modellar og behandlar pasientar under rettleiing. Allereie første studieår vil du begynne med praksis og møte pasientar.

Undervisninga er lagt opp som

  • forelesingar
  • seminargrupper
  • laboratorium og praktiske øvingar
  • skriving av bacheloroppgåve
  • praksis ved Universitetstannklinikken
  • praksis i Den offentlege tannhelsetenesta
     

I tillegg må du lese på eiga hand. Du må vere budd på å vere til stades på studiet frå klokka 8 til 16 dei fleste dagane. Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe.

Årskulla på tannpleiestudiet er på omkring 30 studentar. Mykje av den kliniske ferdigheitstreninga blir undervist i mindre grupper. Du vil også ha undervisning med studentar som har kome lengre på studiet. 

Career

Fullført bachelorgrad gir grunnlag for autorisasjon som tannpleiar frå Helsedirektoratet. Autorisasjonen er eit bevis på at du har ei offentleg godkjent tannpleiarutdanning.

Arbeidsmoglegheitene for tannpleiarar er gode. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar og med ordna arbeidstid.

Tannpleiaren er ofte den første som møter pasienten på tannklinikken. Tannpleiarar jobbar på skular, helsestasjonar og andre omsorgsinstitusjonar. Som autorisert tannpleiar er det også mogleg å etablere eigen tannklinikk.

Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 47.0
Primary quota: 43.0

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Bachelorstudiet i tannpleie er eit treårig fulltidsstudium som startar i august kvart år.    

På tannpleiestudiet blir det diskutert spørsmål som:   

Korleis førebygge sjukdommar i tenner og munn? 

Korleis verkar kosthald inn på tann- og munnhelse? 

Korleis verkar sjukdommar i munnen på resten av  kroppen? 

Kan tannbleiking skade tennene? 

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester  

Kjemi og biokjemi (10 studiepoeng) 

Ferdighetskurs (10 studiepoeng) 

Tannanatomi og oral biologi (5 studiepoeng)  

Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)   

Klinisk innføringskurs del I og II (Går over 1. og 2. semester)

2. semester

Klinisk innføringskurs del I og II (går over 1. og 2. semester) (5 studiepoeng) 

Generell anatomi og fysiologi inkludert ernæring (10 studiepoeng) 

Mikrobiologi og hygiene (5 studiepoeng)  

Odontologiske biomaterialer (5 studiepoeng) 

Patologi generell (5 studiepoeng) 

Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 1 (0 studiepoeng) 

Farmakologi (Går over 2. og 3. semester) 

Røntgenologi (Går over 2. og 3. semester) 

Odontofobi (Del 1) (0 studiepoeng) 

3. semester  

Farmakologi (Går over 2. og 3. semester) (5 studiepoeng) 

Røntgenologi (Går over 2. og 3. semester) (10 studiepoeng) 

Kurs i infiltrasjonsanestesi (5 studiepoeng) 

Kjeve- og slimhinnelidelser (10 studiepoeng) 

Kariologi og endodonti (Går over 3. og 4. semester) 

Periodonti (Går over 3. og 4. semester) 

Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 2 (Går over 3. og 4. semester) 

Pedagogikk og psykologi (Går over 3., 4. og 5. semester) 

Pedodonti + godkjent klinikk (Går over 3., 4. og 5. semester) 

4. semester  

Kariologi og endodonti (Går over 3. og 4. semester) (15 studiepoeng) 

Periodonti (Går over 3. og 4. semester) (10 studiepoeng) 

Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 2 (Går over 3. og 4. semester) (0 studiepoeng) 

Pedagogikk og psykologi (Går over 3., 4. og 5. semester) 

Pedodonti + godkjent klinikk (Går over 3., 4. og 5. semester) 

Kjeveortopedi (5 studiepoeng) 

Samfunnsodontologi med praksisstudiet (Går over 4., 5. og 6. semester) 

Protetikk og gerodontologi + godkjent klinikk (Går over 4., 5. og 6. semester) 

Allmennodontologi (Går over 4., 5. og 6. semester) 

5. semester  

Pedagogikk og psykologi (Går over 3., 4. og 5. semester) (15 studiepoeng) 

Pedodonti + godkjent klinikk (Går over 3., 4. og 5. semester) (15 studiepoeng) 

Samfunnsodontologi med praksisstudiet (Går over 4., 5. og 6. semester) 

Protetikk og gerodontologi + godkjent klinikk (Går over 4., 5. og 6. semester) 

Allmennodontologi (Går over 4., 5. og 6. semester) 

Tverrprofesjonell læring (Tas enten 5. eller 6. semester) 

Prosjektoppgåve (Går over 5. og 6. semester) 

Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 3 (Går over 5. og 6. semester) 

6. semester  

Samfunnsodontologi med praksisstudiet (Går over 4., 5. og 6. semester) (5 studiepoeng) 

Protetikk og gerodontologi + godkjent klinikk (Går over 4., 5. og 6. semester (5 studiepoeng) 

Allmennodontologi (Går over 4., 5. og 6. semester) (10 studiepoeng) 

Tverrprofesjonell læring (Tas enten 5. eller 6. semester) (0 studiepoeng) 

Prosjektoppgåve (Går over 5. og 6. semester) (10 studiepoeng) 

Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 3 (Går over 5. og 6. semester) (0 studiepoeng) 

Odontofobi (Del 2) (0 studiepoeng) 

*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB. 

Sjå oversikt over alle emne

 

Studentane skal nytte arbeidsklede utlånt frå Odontologisk Universitetsklinikk ved arbeid i Ferdighetssenteret og i klinikkane for å sikre god hygiene. Sjå meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk.

Study abroad

Du kan reise på utveksling om hausten på tredje studieår. Du kan reise til avtaleuniversitet i Danmark eller Sverige.  

Les meir om utveksling på tannpleiestudiet 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter fullført bachelorgrad kan du søke deg videre til ulike masterprogram, eksempelvis:

Global helse
Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
Helsefremmande og samfunn
Ta kontakt med studierettleiar for alle moglegheitene.

Med mastergrad kan du søke opptak til ph.d.-programmet
.

NB! Du kan ikkje bygge på bachelor i tannpleie til master i odontologi (tannlegeutdanninga).

Questions about the study?

Telefonen er open mellom 12.00-14.00 på kvardagar.

Phone number: 55586400
E-mail: info.med@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor of Dental hygiene