
Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Vi menneske er nokon fascinerande skapningar. Kvifor oppfører vi oss slik vi gjer? Korleis påverkar og relaterer vi oss til kvarandre? Ved å ta ein bachelor i generell psykologi vil du lære meir om mentale mekanismar og prosessar som styrer korleis vi tenker, føler og handlar.
Bacheloren gir deg ein bakgrunn for å forstå omgrep som: kjenslemessige reaksjonar (affekt), intellektuelle prosessar (kognisjon), læring, erfaring og menneskeleg åtferd, samhandling, personlegdom, korleis vi blir påverka av biologiske prosesser, og forskingsmetode.
I studiet vil du bli kjent med dei grunnleggande hovudretningane i psykologien, som
Du vil lære deg å drøfte etiske problem og dilemma, og utvikle ei kritisk tilnærming til kunnskap og praksis innanfor psykologien.
Du vil også lære:
Bachelorprogrammet i generell psykologi har eit godt studiemiljø som du kan bli ein del av.
Studiet er bygd opp av forelesingar, seminargrupper, nettbasert undervisningsmateriell, grupper og diskusjonsforum, oppgåveskriving og ei avsluttande bacheloroppgåve. I løpet av ei typisk veke har du omlag 2-10 timar undervisning, i tillegg kjem tid på lesesalen og sjølvstudium. Du har generelt stor fridom til å planlegge kvardagen din. Men du må rekne med å bruke omtrent like mykje tid på studiet som på ein fulltidsjobb. Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk. Fleire av emna har obligatoriske undervisningsaktivitetar, slik som oppgåver, presentasjonsdagar og fleirvalsprøver, som må vere godkjent før du kan ta eksamen.
Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12 er hovudbygget for Det psykologiske fakultetet.
Med ein bachelorgrad i generell psykologi har du kunnskap om menneske. Relevante jobbar kan vere i både offentleg og privat sektor, for eksempel innan:
Nokre av våre tidlegare studentar jobbar for eksempel som miljøterapeut for flyktningar eller i omsorgsbustader, eller som arbeidsleiar for kommunale bustader.
Kanskje har du ei utdanning frå før, der bachelorgraden i generell psykologi passar særs godt som tillegg, for eksempel innan:
Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.
You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Teaching language: Norwegian
Bachelorprogrammet i generell psykologi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Bachelorgraden består av 30 studiepoeng innføringsemne og 90 studiepoeng spesialisering i generell psykologi, i tillegg til 60 valfrie studiepoeng.
Dei valfrie studiepoenga kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan velje blant alle opne emne som blir tilbydd på UiB, sjå Emner som er åpne for alle studenter.
Det psykologiske fakultetet anbefaler likevel nokre emne og kombinasjonar fordi dei er nyttige saman med dei obligatoriske emna på programmet og kan utgjere ei ytterlegare spesialisering. Det vert anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og samfunnsvitskap.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Emnekoden og namnet på emna er lista opp først, etterfølgt av antal studiepoeng i parentes.
1. semester (haust)
PSYK111 - Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 studiepoeng)
PSYK112 - Sosial og personlegdomspsykologi (10 studiepoeng)
PSYK113 - Innføring i metode (5 studiepoeng)
2. semester (vår)
PSYK114 - Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 studiepoeng)
Valfrie emne (15 studiepoeng, for eksempel psykologiemne som PSYK106, PSYK109, PSYK115, PSYK116, PSYK117, eller andre opne emne ved UiB)
3. semester (haust)
PSYK207 - Læring og åtferdspsykologi (15 studiepoeng)
PSYK208 - Affekt og kognisjon (15 studiepoeng)
4. semester (vår)
PSYK202 - Metode (15 studiepoeng)
PSYK206 - Artikkellesing i generell psykologi (5 studiepoeng)
Examen philosophicum (10 studiepoeng)
5. semester (haust)
Utanlandsopphald eller valfrie emne (30 studiepoeng)
6. semester (vår)
Valfrie emne (15 studiepoeng)
PSYK250 - Bacheloroppgåve i generell psykologi (15 studiepoeng)
Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt femte semester og tar ein del av dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.
Moglege masterprogram ved UiB:
Psykologi
Arbeids- og organisasjonspsykologi (krev arbeids- og organisasjonspsykologi, leiingspsykologi)
Logopedi
Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
Global Development Theory and Practice
Spesialpedagogikk (tredje prioritet)
Master i helse og samfunn (Perspektiv på sentrale helseutfordringar)
Berekraft (studieretning "Globale utfordringar")
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.