Europastudium (bachelor)

Du vil lære om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Du får kunnskap om europeisk integrasjon og utviklinga i EU. Vi studerer stats- og nasjonsbygging i Europa, ressursar og økonomi og dagens europeiske samfunn, i eit historisk og statsvitskapeleg perspektiv.

What will you learn?

Studiet gir gode allmennkunnskapar og trening i å handtere store mengder informasjon, problematisere og analysere saker frå fleire sider.  

Du lærer å tilegne deg kunnskap om 

  • utviklinga i Europa når det gjeld ressursar, demografi og økonomi, og korleis institusjonar, system og prosessar har påverka europeisk historie sidan 1945 
  • (ved spesialisering i samanliknande politikk) vilkåra for demokratiske styreformer, faktorar som har avgjort tempoet i demokratiutviklinga og kvifor demokratiske system er ulikt utforma  
  • kvalitative og kvantitative forskingsmetoder, inkludert opplæring i statistikk og koding i programmet R
  • (ved spesialisering i historie) om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie
Student life

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane og jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø.

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, og du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Det er nokre obligatoriske arbeidskrav dei første tre semestera av studiet, i form av oppmøtekrav og oppgåver som skal inn. Skriving av ei bacheloroppgåve høyrer også til studiet.

Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalsplassar er tilgjengelege i Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV.

Career

Våre tidlegare studentar arbeider mellom anna i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, innan kommunikasjon og media, eller innan forsking, utgreiing og undervisning.

Med spesialisering i historie kan du arbeide i fleire bransjar og sektorar

  • forlag/media 
  • undervisning
  • journalistikk 
  • reiseliv 
  • museum/arkiv 

Med  spesialisering i samanliknande politikk kan du arbeide mellom anna som 

  • analytikar i næringslivet og nasjonale- og internasjonale organisasjonar 
  • administrativt tilsett i kommunar, fylkeskommunar og stat 
  • politisk rådgjevar 
  • rådgjevar i departement og direktorat 
  • kommunikasjonsmedarbeider
Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 42.0
Primary quota: 42.0

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian and English

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Study structure

Bachelorprogrammet i Europastudium er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Det vert lagt vekt på stor valfridom i studieprogrammet, og gode moglegheiter til utveksling og praksis gjennom studieløpet.  

Anbefalt studieforløp: 

1.semester

EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng) 

EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk (10 studiepoeng) 

SAMPOL103 Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng) 

2. semester

EUR103 Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 studiepoeng) 

EUR105 European Union Institutions, Politics, and Policies (15 studiepoeng) 

3. semester

Vel spesialisering: Samanliknande politikk (SAMPOL) eller historie (HIS). 

SAMPOL-spesialisering: 

MET104 Kvantitativ metode (10 studiepoeng) 

SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng) 

Eit valfritt SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (10 studiepoeng) eller SAMPOL116 Democracy and Democratization (10 studiepoeng) 

Historie-spesialisering: 

HIS113 Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) eller HIS114 Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) - nytt tema kvart semester 

HIS115 Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) eller HIS116 Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) - nytt tema kvart semester 

4. semester

SAMPOL-spesialisering: 

MET103 Kvalitativ metode (10 studiepoeng) 

SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng) 

SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng) 

Historie-spesialisering: 

HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng)

HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 studiepoeng)  

5. semester

SAMPOL-spesialisering: 

Utveksling / Praksisemne i Brussel (30 studiepoeng)

Historie-spesialisering: 

Utveksling (30 studiepoeng)

6. semester

SAMPOL-spesialisering: 

SAMPOL260 Bacheloroppgåve i samanliknande politikk (10 studiepoeng) 

To av SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (20 studiepoeng)   

Historie-spesialisering: 

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 studiepoeng)

HIS250 Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng)  

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester, og tar så eit semester med EUR-emne (eigne emne for europastudium). Vidare vel du spesialisering (90 studiepoeng) i samanliknande politikk eller historie. Femte semester er sett av til å reise på utveksling.

Sjå oversikt over alle emne

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.

Study abroad

Det er forventa at du reiser på utveksling i det femte semesteret. Alle er garantert plass på eitt av dei utvalde universiteta. Om du ikkje ønsker utveksling, kan ta praksis i samanliknande politikk eller avtale eit opplegg med emne ved UiB.

Samanliknande politikk har blant anna ei avtale med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA.

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter bachelorprogrammet kan du søke om opptak til eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisert deg i:

Masterprogram i samanliknande politikk, Masterprogram i politikk og forvaltning, eller Masterprogram i historie.

Questions about the study?

Phone number: 55 58 90 31
E-mail: studieveileder.isp@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in European Studies