Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Politikk og forvaltning er eit statsvitskapleg studium av politikk og organisasjon. Vil du lære meir om korleis samfunnet rundt deg fungerer? Ein bachelorgrad i politikk og forvaltning er eit spennande og lærerikt studium som gir deg mange valmoglegheiter vidare, både på utdanning og i arbeidslivet.
Studiet passar for deg som er interessert i politikk og som liker å diskutere aktuelle tema som demokrati og samfunnsstyring, organisasjonar, offentleg forvalting og politikk på eit høgt nivå. Du lærer å utføre sjølvstendige analysar av aktuelle samfunnsproblem og utfordringar i offentleg, privat og frivillig sektor.
I tillegg får du kunnskap om politikk og forvaltningssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor.
Etter bachelorstudiet kan du
Som bachelorstudent blir du ein del av eit godt studentmiljø. Studentforeninga DEMOS inviterer til faglege og sosiale arrangement.
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein fulltids jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Oppgåveskriving, presentasjonar og gruppearbeid er òg ein del av studiet. Mot slutten av studiet skal du skrive ei sjølvstendig bacheloroppgåve.
Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du finne undervisningsrom og lesesalar på Ulrike Pihls hus, seminarromma på SV-fakultetet og på biblioteket ved SV-fakultetet som alle ligg på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.
I dette studiet får du lære om korleis dei politiske institusjonane, forvaltninga og samfunnet kan møte dei utfordringane vi står overfor innanfor helse, utdanning, miljøvern og samfunnstryggleik. Du får innsikt i kva for organisasjons- og styringsformer ein kan nytte og korleis dei fungerer. Viktig er også korleis norsk politikk og norsk samfunnsstyring heng saman med utviklinga internasjonalt.
Våre tidligere studentar jobbar med:
Teaching language: Norwegian
Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Anbefalt studieforløp:
1. semester
GOV100 Innføring i politikk og forvaltning (20 studiepoeng)
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum – skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
GOV112 Organisasjonsteori (10 studiepoeng)
GOV113 Norsk politikk (10 studiepoeng)
MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng)
3. semester
GOV114 Politisk teori og styreformer (10 studiepoeng)
MET104 Kvantitative metodar (10 studiepoeng)
Eit av emna:
GOV108 Climate Policy (10 studiepoeng)
GOV115 EU og internasjonale organisasjonar (10 studiepoeng)
GOV116 Rett og politikk (10 studiepoeng)
4. semester
Utveksling / Frie studiepoengpoeng (30 studiepoeng)
5. semester
Utveksling / Frie studiepoengpoeng (30 studiepoeng)
6. semester
GOV251 Bacheloroppgåve i politikk og forvalting (10 studiepoeng)
GOV215 Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentleg sektor (10 studiepoeng)
Eit av emna:
GOV212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng) eller
GOV213 Helse- og velferdspolitikk – Makt og innflytelse (10 studiepoeng) eller
GOV214 Kunnskapens institusjonar, ekspertise eller politikk (10 studiepoeng) eller
GOV216 Constitutions, Courts, and Politics (10 studiepoeng) eller
GOV217 Gender and Power in Contemporary Politics (10 studiepoeng)
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltidsstudium). Du startar med innføringsemne og ex.phil (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester. Spesialiseringa i politikk og forvaltning utgjer 90 studiepoeng. Dei resterande 60 studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne eller dra på utveksling i utlandet. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din.
Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.
Utveksling gir deg nye perspektiv, og internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, og det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester. Vi har utvekslingsavtalar med mange universitet i store delar av verda.
Etter bachelorgraden kan du òg gå vidare til masterprogrammet i politikk og forvaltning, Master's in Politics and Governance of Global Challenges, masterprogrammet i samanliknande politikk eller andre statvitskaplege masterprogram i Noreg eller i andre land.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.
Study plan for Bachelor's Programme in Politics and Governance