Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) (Bachelor) - Utgått

Vil du lære å lage datasystem og dataprogram som passar for brukarane? På bachelorstudiet i IKT får du erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy, som du lærer gjennom praktiske oppgåver. Programmet tar ikkje opp nye studentar.

What will you learn?

Etter å ha fullført bachelorprogrammet i IKT:

  • har du kunnskap om design-prinsipp for programvare og informasjonssystem.
  • kan du utforme og implementere effektive program.
  • kan du analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi med omsyn både til teknologiske løysingar og til verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.
Student life

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane set pris på at dei fagleg er innom mykje forskjellig, og at dei får overblikk over ein dynamisk og variert bransje. 

Bachelorprogrammet i IKT er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 14-16 timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper. Gruppeoppgåver og lab-baserte øvingar er òg ein del av studiet.

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som IKT-student vil du kunne bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på MatNat-fakultetet på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.

Studieprogrammet tar ikkje opp nye studentar. 

Career

Det er stor, og aukande, etterspurnad etter IT-kompetanse på arbeidsmarknaden. IKT-studentar er svært aktuelle for eit breitt spekter av jobbar i IT-bransjen og i IT-avdelingar innan dei fleste andre bransjar.

Aktuelle arbeidsoppgåver etter fullført IKT-studium er:

  • utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem
  • opplæring og brukarstøtte
  • drift og vedlikehald av eksisterande system
  • utvikling av ny teknologi
  • planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT
Admission requirements and how to apply
Admission requirement: MATRS

Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires documentation of specialization in mathematics from secondary education.

Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Bachelorprogrammet i IKT er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Studiet er på til saman 180 studiepoeng og er lagt opp slik:

1. semester:

Examen philosophicum - seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 

INF100 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)

INFO100 – Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)

2. semester:

INF101 – Objektorientert programmering (10 studiepoeng)

INFO110 – Informasjonssystem (10 studiepoeng)

MNF130 – Diskrete strukturar (10 studiepoeng)

3. semester:

INF102 – Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)

INFO125 – Datahandtering (10 studiepoeng)

INFO180 – Innføring i kunstig intelligens (10 studiepoeng)

4. semester:

INF112 – Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)

INF142 – Datanett (10 studiepoeng)

Valfritt fordjupingsemne i spesialiseringa (10 studiepoeng)

5. semester:

Valfrie emne / utveksling (til saman 30 studiepoeng)

6. semester:

Valfrie emne / utveksling (til saman 30 studiepoeng)

Dei valfrie emna er emne du meiner er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar: Dette kan vere datafag eller andre relevante fag. Du kan velje opne UiB-emne, eller reise på utveksling i utlandet.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2019? Sjå oppbygging her.

Study abroad
Questions about the study?

Phone number: 55589850
E-mail: studierettleiar.svfa@uib.no