Kognitiv vitskap (bachelor)

Kognitiv vitskap er eit datafagleg studium der du lærer om kunstig intelligens og korleis hjernen vår fungerer. Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Noreg.

What will you learn?

Studiet fokuserer på korleis menneskeleg tenking blir til i eit samspel mellom sansing, minne, språk, problemløysing og følelsar. Du vil lære å lage dataprogram som etterliknar desse evnene, for å sjå om dei er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens.

Du vil utforske korleis vi menneske reflekterer over kvardagslege hendingar, korleis vi forstår språk, og korleis vi sansar verda omkring oss.

Innan kognitiv vitskap diskuterer vi spørsmål som

  • Kva er naturlege språk, og korleis forstår og bruker vi dei? 
  • Kva er logisk tenking, og kan maskinar tenke? 
  • Korleis kan du bruke symbolsk logikk til å modellere menneskeleg intelligens? 

Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Noreg. Du lærer om programmering og maskinlæring, og i tillegg mede eit fokus på menneskeleg informasjonsbehandling.

Student life

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane på kognitiv vitskap er ei aktiv og tett gruppe med 20-30 studentar på kvart kull, med eiga linjeforeining. Dei er også ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar. 

Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, blant anna forelesingar og praktiske øvingar. Mange av forelesingane er i seminarform, med mykje samhandling og kontakt mellom forelesaren og studentane. 

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på løysing av praktiske oppgåver på datalab. I tillegg vil du ha forelesingar, seminar-grupper, gruppearbeid og sjølvstudium. 

Studentar i kognitiv vitskap kan bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på  MatNat-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.

Career

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Dette er ein kombinasjon som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden.   

Fleire av våre tidlegare studentar jobbar blant anna med 

  • kunstig intelligens 
  • språkteknologi 
  • data science 
  • programmering 
  • systemdesign 
  • brukarinteraksjon 
  • produkt- og forretningsutvikling. 

Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 56.0
Primary quota: 50.0

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Study structure

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Dei to første åra tar du obligatoriske fag. Det siste året vel du spesialisering i enten informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester

KOGVIT101 Introduction to Cognitive Science (10 studiepoeng) 

EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng) 

INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng) 

2. semester

INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng) 

LOG110 Introduksjon til formallogikk (5 studiepoeng) 

LOG111 Deduksjon og metalogikk (10 studiepoeng) 

KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforsking (5 studiepoeng) 

3. semester

INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng) 

LING122 Språk og kognisjon (10 studiepoeng) 

INFO282 Knowledge Representation and Reasoning (10 studiepoeng) 

4. semester

Examen Philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng) 

FIL105 Innføring i sinnsfilosofi (10 studiepoeng) 

PSYK120 Biologisk og kognitiv psykologi (10 studiepoeng) 

5. og 6. semester

Spesialisering i informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi (Se under "Rekkefølge for emner i studiet") 

 

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2019? Sjå oppbygging her.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2022? Sjå oppbygging her.

Study abroad

Du kan reise på utveksling til for eksempel Hong Kong, Italia, Japan, Nederland, Sør-Korea eller USA. Du kan reise ut i eitt eller to semester. Det vanlegaste er å dra i det femte og/eller sjette semesteret.

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter bachelor kan du søke deg vidare på eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisering i: enten informasjonsvitskap, informatikk eller filosofi.

Questions about the study?

Phone number: 55 58 98 50
E-mail: studieveileder@ifi.uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Cognitive Science