Medier og kommunikasjon (bachelor)

Studiet gir deg kunnskap om medier og kommunikasjon si sentrale rolle i samfunnet. Mediene påverkar korleis vi lever, kva som skjer i politikk og samfunnsliv og korleis vi ser på oss sjølv og andre.

What will you learn?

På bachelorstudiet kan du fordjupe deg i område som strategisk kommunikasjon, sosiale medium, mediebruk, film, TV-seriar, dataspel, journalistikk og medieteknologi.  

  • Kva betyr sosiale medier i samfunnet?  
  • Korleis fungerer politisk og strategisk kommunikasjon?  
  • Korleis kan vi forstå film, tv og dataspel som kulturformer?  
  • Kva betyr mediebruk i folk sine liv? Korleis blir vi påverka av media? 

Studiet passar for deg som er samfunnsengasjert og vil arbeide med formidling, medier og kommunikasjon. 

Du vil tileigne deg kunnskap om kommunikasjon og om media og deira rolle i samfunnet, blant anna 

  • om mediebruk, mediepåverknad og forholdet mellom publikum og medieinnhald 
  • om den norske mediebransjen og om historia bak organiseringa av ulike medier 
  • om funksjonen til og betydninga og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentlegheita.
Student life

Ei normal studieveke inneheld ei forelesing og eitt seminar . I tillegg kjem mellom 4-12 timar med workshops, som vi har på fleire av kursa. På alle kursa må du sette av tid til sjølvstudium. Du kan sjølv organisere lese- eller arbeidsgrupper i lag med medstudentar. 

Det er lagt opp til ei aktiv læringsform slik at du på seminar, workshops og arbeidsgrupper vil produsere medieinnhald, lage medieundersøkingar, halde talar eller presentasjonar. Du må òg gi tilbakemelding på presentasjonane eller oppgåvene til medstudentane. Undervisninga går føre seg på norsk, skandinavisk og engelsk. Det same  gjeld for litteraturen.  

Som student på bachelorstudiet i medier og kommunikasjon vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på blant anna Ulrikke Pihls hus og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på Ulrikke Pihls hus

Career

Bachelorstudiet i medier og kommunikasjon gir deg grunnleggande kompetanse til å arbeide med formidling og kommunikasjon i privat og offentleg sektor, i mediebedrifter, organisasjonar og kulturlivet. 

Det er stor variasjon i kva yrke du kan få, men nokre eksempel er: 

  • kommunikasjonsrådgjevar 
  • journalist 
  • kulturarbeidar
Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 47.0
Primary quota: 45.0

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian and English

Undervisninga går føre seg på norsk, skandinavisk og engelsk. Det same gjeld for litteraturen. 

Study structure

Bachelorstudiet i medier og kommunikasjon er eit treårig fulltidsstudium (180 studiepoeng) som startar i august. 

1. semester

MEVIX100 Introduksjon til media og kommunikasjon (20 studiepoeng)

Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

MEVI102 Mediebruk: Teori og metode (15 studiepoeng)

MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)

3. semester

MEVI101 Medier: Institusjonar og bransjeforståing (15 studiepoeng)

MEVI103 Medieestetikk: Fortolking og analyse (15 studiepoeng)  

4.-6. semester

Valfrie emne* / utveksling (60 studiepoeng)

Valemne i spesialiseringa (15 studiepoeng)

Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

* Valfrie emne vel du ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, dra på utveksling eller ta 60 studiepoeng i et anna fag som gir deg undervisningskompetanse.

Sjå oversikt over alle emne

Study abroad

På bachelorstudiet i medier og kommunikasjon kan du reise på utveksling i eitt eller to semester i enten fjerde, femte eller sjette semester.  Du kan dra til eit av dei nordiske landa, til Europa, eller til Asia, Amerika, Afrika eller Australia.

See recommended exchange agreements

Further studies

Om du vil auke jobbmoglegheitene dine eller jobbe med forsking, kan du ta masterprogrammet i medier og kommunikasjon.

Questions about the study?

Phone number: 55 58 98 50
E-mail: studieveileder.media@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Bachelor's Programme in Media and Communication Studies