Informatikk-matematikk-økonomi (bachelor)
Dette unike studiet kombinerer teknologi, matematikk og økonomi. Du lærer å bruke desse kompetansane til å løyse komplekse problem i næringslivet og samfunnet. Du lærer å programmere, analysere data og forstå økonomiske teoriar, som gjer deg til ein ettertrakta kandidat i arbeidslivet.
- Duration
- 3 year
- Study places
- 30
- ECTS credits
- 180
- Start of study
- Autumn
- Teaching language
- Norwegian
What will you learn?
Etter bachelorprogrammet vil du kunne
- bruke metodar frå statistikk og informatikk på økonomiske problemstillingar
- delta i eller leie prosjekt med IT-system og utvikling
- forstå samfunnsøkonomiske problem gjennom dataanalyse
Bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) er det einaste i Noreg som tilbyr denne kombinasjonen av fag.
Student life
Som IMØ-student blir du del av eit miljø av dyktige og aktive informatikk-studentar på Høyteknologisenteret. Du vil også ha fag på Institutt for økonomi og Matematisk institutt.
I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Career
Med bachelorgrad i IMØ er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar. Samfunnet og næringslivet treng kompetanse innan økonomi og digitalisering.
Du kan jobbe i
- i FinTech (finansteknologi)
- i IT-bransjen
- i energi- eller oljeindustrien
- på forskingsinstitutt eller universitet
- med konsulentverksemd
- i offentleg forvalting
Admission requirements and how to apply
Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.
Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires specialization in mathematics from secondary education. In addition, specialization in either physics, chemistry, biology, information technology, earth science or technology and research theory.
Teaching language
Teaching language: Norwegian
Study structure
1. semester
Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
Matematikk for naturvitskap (10 studiepoeng) (NB: dette emnet har avgrensa med plasser)
eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) (Dei som ønsker å ta ein mastergrad i statistikk må ta Grunnkurs i matematikk I)
Innføring i programmering (10 studiepoeng)
Miljø- og ressursøkonomi (10 studiepoeng)
2. semester
Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3. semester
Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4. semester
Makroøkonomi (10 studiepoeng)
Statistiske metodar (10 studiepoeng) eller Anvendt statistikk (10 studiepoeng)
Lineær algebra (10 studiepoeng)
5. semester
Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
Modellering og optimering (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
6. semester
Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Study abroad
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Further studies
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i
• Informatikk eller programvareutvikling ved Institutt for informatikk
• Statistikk og data science ved Matematisk institutt (sjekk eigne opptakskrav)
• Samfunnsøkonomi ved Institutt for økonomi (sjekk eigne opptakskrav)
Questions about the study?
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.
Study plan for Bachelor's Programme in Informatics-Mathematics-Economy