Engelsk (master)

Engelsk er sannsynlegvis det viktigaste språket i verda i dag. Med mastergrad i engelsk forbetrar du kunnskapane dine i engelskspråkleg lingvistikk, litteratur og kultur, medan du utfører sjølvstendig forsking i form av ei masteroppgåve.

What will you learn?

Med ein mastergrad i engelsk får du evne til å kritisk evaluere teoriar innan lingvistikk og litteraturvitskap og funn i empiriske studiar. Du arbeider både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Du kan velje å spesialisere deg innan lingvistikk, der du kan utforske tema innan for eksempel språkvariasjon og -endring, språkhistorie, språkbruk, språkhaldningar, språktileigning, osb. Du lærer om teori og metode innan lingvistikk, ser på funn frå lingvistiske studium og lærer korleis du kan samle inn og analysere eigne data. 

Alternativt kan du spesialisere deg innan engelskspråkleg litteratur og kultur, både historisk og i samtida. Du utforskar litterære sjangrar og korleis engelsk litteratur har utvikla seg.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg forskingsprosjekt på eit tema du vel frå eit av hovudemna i programmet:   

  • Lingvistikk  
  • Litteratur og/eller kultur 
Student life

Som masterstudent på engelsk jobbar du side om side med andre masterstudentar innan ni forskjellige språkfag. I lesesalane blir du del av eit hyggeleg miljø der studentar og tilsette kjem frå heile verda. Kontakten mellom studentar og tilsette er uformell og stemninga er god. 

Fordi studiet ikkje har så mange studentar, er miljøet svært godt. Det andre året av programmet bruker du til å skrive masteroppgåva. Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. 

Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Career

Med mastergrad i engelsk lærer du å lese på ein grundig måte og evaluere kjelder, kommunisere tydeleg og forstå litteraturen sin innverkand på samfunn og enkeltmenneske. Mastergrad i engelsk kvalifiserer deg for jobbar i både privat og offentleg sektor. 

Våre tidlegare studentar jobbar innan 

  • omsetting
  • eksportindustri
  • offentleg administrasjon
  • undervisning – både i utlandet og i Noreg. 
  • turisme
  • næringsliv
Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Grade requirements: C (2.5)
Requires a minimum average grade of Norwegian grade C (2,5) or the equivalent, to be eligible for admission.

Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.

Masterprogrammet har også opptak på våren dersom det er ledige plassar.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: English

Study structure

Programmet går over fire semester og startar om hausten.   

1. og 2. semester  

Allereie i første semester får du velje spesialisering for dei neste åra. Du kan velje mellom litteratur/kultur  , lingvistikk eller ein kombinasjon av desse.

Engelsk tilbyr mange spennande emne som del av spesialiseringa. Du får følge ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. I andre semester får du velje tema for di masteroppgåve. 

3. og 4. semester   

Engelsk masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Study abroad

Du kan velje å ta andre semesteret som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta i Storbritannia, USA, Australia eller New Zealand. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

See recommended exchange agreements

Further studies

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).

Questions about the study?

Phone number: 55589370
E-mail: studierettleiar@if.uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Master's Programme in English