Gresk (master)

Den greske litteraturen frå forntida, frå Homer til Det nye testamentet, har ein sentral plass i vestleg kultur. Greskkunnskapar er viktige på område der grunnleggande tekstar er skrivne på gresk, og dei opnar for ei djupare forståing av andre kulturar.

What will you learn?

Gresk har i stor grad påverka andre språk i verda. Masterstudiet i gresk gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Du får betre evne til å skaffe oversyn over eit materiale og  analysere det, og til å uttrykke deg nøyaktig. Du vil bli kjent med ei verd som andre berre kan førestille seg. 

Gammalgresk gir deg kunnskap til å tolke drama, lyrikk, epikk og filosofi frå antikken. I tillegg har tekstar frå Hellas vore utruleg viktige for verdslitteraturen i dag.  Spørsmål vi drøftar er:

  • Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frå antikken? 
  • Kva betyr tekstar frå antikken for nordisk litteratur i dag? 
  • På kva måte er klassisk talekunst framleis relevant?
Student life

Du har undervisning i form av forelesingar og  seminar, omtrent 6 timar kvar veke. I tillegg  blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve. Fagmiljøet jobbar tett med deg som student for å finne eit tema for masteroppgåva som passar for deg. Du vil få ein rettleiar som har god kunnskap om temaet du skriv om. Som masterstudent kan du knyte deg til ei forskargruppe. 

Som masterstudent i gresk blir du del av eit godt læringsmiljø, og du vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Career

Samfunnet og næringslivet har eit stort behov for folk som kan jobbe sjølvstendig og har eit kritisk perspektiv på for eksempel samfunnsutviklinga. Med ein mastergrad i gresk har du eit godt grunnlag i alle yrke der det er behov for:

  • praktisk erfaring med tolking av framande kulturuttrykk
  • evne til å skaffe seg oversyn over eit materiale og analysere det
  • evne til å uttrykke seg nøyaktig

Gammalgresk er relevant for jobbar i museum og andre antikvariske institusjonar, i kyrkja, på universitet og bibliotek.

Gammalgresk språk og litteratur er òg relevant i ein veksande spel- og underhaldningsbransje. 

Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Grade requirements: C (2.5)
Requires a minimum average grade of Norwegian grade C (2,5) or the equivalent, to be eligible for admission.

Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Eit masterprogram i gresk kan sjå slik ut:  

1. semester 

Gresk tekstpensum (15 studiepoeng)   

Gresk valemne  (15 studiepoeng) 

2. semester 

Særpensum (15 studiepoeng) 

Teori og metode med prosjektførebuing  (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester 

Masteroppgåve (60 studiepoeng)  

Study abroad

Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt til to semester.  Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

See recommended exchange agreements

Further studies

Ein mastergrad i gresk kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-programmet. Du kan òg bli lærar om du tar eit anna undervisningsfag i tillegg og deretter praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).  

Questions about the study?

Phone number: 55589370
E-mail: studierettleiar.lle@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Master's Programme in Greek