Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Latin var Vest-Europas felles språk for kultur, kyrkje, filosofi, jus og vitskap i fleire hundreår, og er eitav språka som har vore brukt lengst. Ved å fordjupe deg i faget vil du bli kjent med ei verd som andre berre kan førestille seg.
På masterprogrammet i latin spør vi:
Latin omfattar poesi og prosa i antikken, men òg svært mange tekster frå mellomalderen og nyare tid. Holberg skreiv for eksempel boka Nils Klims underjordiske reise på latin før ho vart omsett til dansk.
Masterstudiet i latin gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, til å analysere det og å uttrykke seg nøyaktig.
Masterprogrammet i latin har undervisning i form av forelesingar og seminar, cirka seks timar kvar veke. Litteraturen er på latin. I tillegg blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve. Fagmiljøet jobbar tett med deg som student for å finne eit tema for masteroppgåva som passar for deg. Du vil få ein rettleiar som har god kunnskap om temaet du skriv om. Som masterstudent kan du knytte deg til ei forskargruppe.
Som masterstudent i latin blir du del av eit godt læringsmiljø. Du vil ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Samfunnet og næringslivet har eit stort behov for folk som kan jobbe sjølvstendig og har solid fagkunnskap.
Graden gir eit godt allment grunnlag for arbeid i alle verksemder der ein verdset avansert språkleg kompetanse, kritisk-analytisk evne og innsikt i dei lange linjene i den europeiske kulturhistoria. Latin er relevant for arbeid i skulen eller på universitetet, i bibliotek eller arkiv, i museum og innanfor kulturarvsforvaltning. Du kan bidra med formidling og omsetting av klassisk litteratur eller historiske kjelder, for eksempel gjennom forlag eller i media.
Read interviews with former studentsStudents with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
Teaching language: Norwegian
Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:
1. semester
Latin tekstpensum (15 studiepoeng)
Valemne (15 studiepoeng)
2. semester
Særpensum (15 studiepoeng)
Teori og metode med prosjektførebuing (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Mastergrad i latin kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-programmet.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.