Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Er du glad i språk? Vil du utforske andre kulturar og tenkemåtar saman med barn og unge? Liker du å jobbe på lag med andre? Då passar lektorutdanning med master i framandspråk for deg. Skolen treng gode språklærarar som spreier språkglede.
Som lektor kan du undervise på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen. Lektorutdanninga gir deg den faglege tyngda du treng, og praksiserfaring i skolen allereie frå første semester. Tilnærminga til undervisning er reflektert og innovativ, basert på nyare forsking om språklæring og språkundervisning.
Utdanninga tar opp spørsmål som:
Studiet gir deg grunnlag for å undervise i to fag. Det eine faget tar du master i, enten engelsk, fransk, spansk eller tysk. Det andre faget kan vere enten engelsk, fransk, tysk, nordisk, spansk, historie, religionsvitskap eller sosiologi. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi lærer og underviser fag) og praksis.
I studiet vil du saman med andre lektorstudentar møte faga dine som skolefag gjennom teori og praksis. Men du vil òg møte faga som universitetsfag saman med studentar på andre program.
Praksisperiodane er obligatoriske og fordelt gjennom studiet. Der får du undervise i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her får du moglegheit til å forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt område.
Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Her finn du òg samlingsrommet «Lektors kontor», der lektorstudentane kan øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper.
Lektorutdanning gjer deg først og fremst kvalifisert til jobb i den vidaregåande skolen eller i ungdomsskolen. Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frå UiB er kjent for å ha solid fagleg tyngde. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.
Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen med for eksempel formidling, forsking, kommunikasjon og leiing.
Næringslivet etterspør òg språkkunnskapar, og ein stadig meir globalisert arbeidsmarknad krev folk som har språk- og kulturforståing.
Read interviews with former studentsVed opptak til studiet må du legge fram politiattest.
Teaching language: Norwegian
Lektorutdanninga går over 5 år og gir mastergrad. Dei fire første åra får du undervisning i didaktikk og pedagogikk i tillegg til i dei to undervisningsfaga. Du får òg vere i praksis i skolen dei fire første åra. I det femte året skriv du masteroppgåva.
Studiet er bygt opp slik:
1. semester
Examen philosophicum (10 studiepoeng)
Pedagogikk (10 studiepoeng)
Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (10 dagar)
2. semester
Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (30 studiepoeng)
3. semester
Det andre undervisningsfaget (20 studiepoeng)
Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (10 dagar)
4. semester
Det andre undervisningsfaget (30 studiepoeng)
5. semester
Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (10 studiepoeng)
Fagdidaktikk i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng)
Pedagogikk (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (35 dagar)
6. semester
Det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (20 studiepoeng)
Bacheloroppgåve i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng)
7. semester (masternivå)
Masteremne i det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (30 studiepoeng)
8. semester
Masteremne i det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (20 studiepoeng)
Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (35 dagar)
9. og 10. semester
Masteroppgåve i det første undervisningsfaget (engelsk, fransk, tysk eller spansk) (60 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester. UiB har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og språkleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Vi hjelper deg med planlegginga. Dei som studerer fransk, kan òg ha praksis på ein skole i Frankrike.
Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program. Du kan bygge på utdanninga med eit tredje undervisningsfag ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og viderautdanning for eksempel innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.