Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Frå den tidlege vikingtida til slutten av mellomalderen delte Noreg, Island og Vesterhavsøyane éin språkleg og litterær kultur. Norrøn filologi er studiet av dette språket, dei skriftlege kjeldene og kulturen dei spring ut av.
På masterprogrammet i norrøn filologi lærer du å arbeide med tekstar på ein grundig måte og ta kritisk stilling til historiske kjelder og tolkingar. Du får spisskompetanse for å arbeide med dei norrøne kjeldene i original språkform. Samtidig kan du spesialisere deg på fleire område: Det kan mellom anna vere runeinnskrifter frå vikingtida, pergamenthandskrifter frå mellomalderen eller yngre islandske papirhandskrifter. Norrøne masteremne kan også forske på bruken av mellomalder i moderne media, for eksempel i romanar, film eller dataspel.
Du får
Masterprogrammet i norrøn filologi er eit fulltidsstudium. I det norrøne fagmiljøet er det god kontakt mellom studentar og tilsette, du kan komme på møte i relevante forskargrupper og delta på konferansar, ekskursjonar og i andre forskings- og formidlingsaktivitetar. Miljøet har veldig god kontakt både med samlingar og museum i byen, sterke internasjonale nettverk og arrangerer ein internasjonal konferanse for master- og ph.d.-studentar i norrøn filologi.
Faget inngår i det større, tverrfaglege forskingsfeltet Medieval Studies. Som masterstudent i norrøn filologi er difor Mellomalderklynga i Bergen ein viktig ressurs med mange ekstra tilbod og høve til å engasjere seg.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
Samfunnet treng personar som har innsikt i historiske samanhengar. Mellomalderen er ein epoke som var formativ for heile Europa og som fenger stadig nye generasjonar, slik som vi ser i aktuell litteratur, teater, filmar og seriar, dataspel og mange reenactment-grupper, og innan ein aukande kulturturisme.
Miljøet har stort fokus på å sette deg i kontakt med mogelege framtidige arbeidsgjevarar. Utdanninga kvalifiserer for eller er relevant for arbeid i blant anna:
Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Søknadsfristen er 15. april for høstopptak og 1. november for våropptak.
Teaching language: Norwegian
Arbeidet med masteroppgåva (60 studiepoeng) går parallelt med kursdelen (60 studiepoeng) gjennom dei fire semestera. Du planlegg og utfører prosjektet ditt sjølvstendig, med rettleiing frå 1-2 forskarar. Det finst mange moglege emne å ta av, slik at du får høve til å arbeide med noko du verkeleg interesserer deg for.
1. semester
Prosjektførebuande emne (15 studiepoeng)
Særemne (15 studiepoeng)
2. og 3. semester
Særemne II og Særemne III, eller utvekslingsopphald (30 studiepoeng)
Arbeid med masteroppgåva
4. semester
Fullføring av masteroppgåva (60 studiepoeng)
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda, og norrøn filologi samarbeider med mange internasjonale universitet. For deg som tar norrøn filologi kan det for eksempel vere interessant å reise i 2. eller 3. semester.
Ein mastergrad i norrøn filologi kan kvalifisere for søknad til ph.d.-program.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.