Klinisk ernæring (master)
Masterprogrammet i klinisk ernæring gir avansert opplæring i medisinsk ernæringsbehandling til barn og vaksne. Programmet kvalifiserer for autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog (KEF).
- Duration
- 2 year
- Study places
- 20
- ECTS credits
- 120
- Start of study
- Autumn
- Teaching language
- Norwegian
What will you learn?
Programmet bygger vidare på kunnskap tileigna frå bachelorprogram i ernæring, og bruker dette i klinisk kontekst med behandling av pasientar i helseinstitusjonar. Du lærer å vurdere ernæringsrelaterte problemstillingar, stille ernæringsdiagnosar, utarbeide ernæringsplanar og behandle pasientar i samarbeid med anna helsepersonell.
Som klinisk ernæringsfysiolog kan du førebygge, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar hos barn, vaksne og eldre. Dei har òg kompetanse til å vurdere, formidle og utvikle kunnskap om ernæring.
Ein ferdig utdanna student på dette programmet kan
- førebygge, utgreie, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar
- arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med anna helsepersonell, og bidra med kompetanseheving hos andre yrkesgrupper og folk flest
- kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan klinisk ernæring.
Student life
Dei fleste studentane på master i klinisk ernæring har tatt bachelor i ernæring ved UiB. På masterstudiet blir du del av eit lite kull (ca. 20 studentar) som følger kvarandre gjennom studiet. Studentmiljøet er aktivt, med moglegheiter for å delta i både faglege og sosiale aktivitetar.
Aktuelle spørsmål i dette faget er:
- Kva skal ein ete når nyrene ikkje fungerer lenger?
- Kva næringsbehov har kroppen når den blir utsett for kritisk sjukdom?
- Finst det ernæringsbehandling for irritabel tarm?
- Korleis kan ein førebygge leverkomplikasjonar hos pasientar som er avhengige av intravenøs ernæring?
Du vil ha undervisning i fleire bygg på Campus Haukeland. På campus finn du lesesal, laboratorium, kantine, bibliotek, grupperom og ulike typar undervisningsrom. Masterstudentane er tett på det vitskaplege miljøet.
Career
Masterstudiet i klinisk ernæring kvalifiserer for autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog (KEF), etter søknad til Helsedirektoratet. I helsetenesta jobbar kliniske ernæringsfysiologar tett saman med blant anna legar og sjukepleiarar.
Ernæringsbehandling inngår i behandlinga av ei rekke ulike sjukdommar og for nokre sjukdommar er ernæringsbehandling den einaste kurative behandlinga som finst.
Admission requirements and how to apply
Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Ver merksam på at studentar må ha norsk pass, norsk ID-kort eller tilsvarande utanlandske ID-papir/pass som er godkjende av norske styresmakter, i tillegg til Bank-ID, for å bruke datasystema til helsetenestene i praksisutplassering i dette studiet. Utan gyldig Bank-ID eller tilsvarande identifikasjonsløysing med høgaste tryggleiksnivå
vil du ikkje kunne gjennomføre studiet.
Teaching language
Teaching language: Norwegian
Study structure
Masterprogrammet i klinisk ernæring er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. 54 studiepoeng og ei 60 studiepoengs masteroppgåve er obligatoriske, mens 6 studiepoeng er valemne. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste i kvar emnebeskriving.
På første året vil du i løpet av ei typisk veke ha ca. 30 timar med forelesingar, seminar, klinikk og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen.
Det andre året jobbar du med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig forskingsprosjekt med rettleiing. Det forskingsretta arbeidet inkluderer å løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data, og på grunnlag av dette gi ei skriftleg og munnleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon og konklusjonar. Du har òg seks veker klinisk praksis.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
NUCLI357 - Medisinsk ernæringsbehandling av vaksne (30 studiepoeng)
2. semester
INTH360A - Global Nutrition (4 studiepoeng)
NUCLI352 - Medisinsk ernæringsbehandling av born og unge (10 studiepoeng)
NUCLI390A - Masteroppgåve i klinisk ernæring - forskingsprotokoll (10 studiepoeng)
Elektiv periode (6 studiepoeng)
3. og 4. semester
NUCLI356 - Klinisk praksis i spesialisthelsetenesta (10 studiepoeng)
NUCLI390B - Masteroppgåve for klinisk ernæring (50 studiepoeng)
Study abroad
Du kan reise på utveksling som del av masteroppgåva. Ta kontakt med studierettleiar for å høyre meir om kva ordningar som finst.
Further studies
Mastergraden gir grunnlag for vidare forsking og kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programmet.
Questions about the study?
Kontakt oss på telefon mellom 12.00-14.00 på kvardagar eller på e-post.
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.