Fiskehelse - akvamedisin (profesjon)
Med profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin har du rett til å bruke den lovbeskytta tittelen fiskehelsebiolog. Tittelen er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og dei som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæring.
- Duration
- 5 year
- ECTS credits
- 300
- Start of study
- Autumn
- Teaching language
- Norwegian
What will you learn?
Dei som har fullført denne utdanninga:
- kjenner til og kan beskrive fisken sin anatomi, fysiologi og ernæring.
- Har detaljert kunnskap om patogenar som virus, bakteriar og parasittar.
- kan stille riktige diagnosar, forebygge og behandle sjukdommar hos fisk.
- kan arbeide etter anerkjende vitskaplege prinsipp, med forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydinga av å skilje mellom kunnskap og meiningar.
Student life
Her blir du ein del av ein liten klasse og eit godt studentmiljø med tett oppfølging.
Profesjonsstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur.
Som del av studiet er det også lagt opp til at studentane skal ut i praksisperiodar i havbruksnæringa og fiskehelsetenesta.
Vi held til på Marineholmen, der det er laboratorium, lesesalar og auditorium. Alle studentane har og tilgang til Realfagbygget, med bibliotek, lesesalar og læringssenter.
Profesjonsstudiet i fiskehelse skal oppfylle krava for autorisasjon som fiskehelsebiolog. Derfor blir det stilt strenge krav til innhaldet i studiet.
Career
Det har vore stor etterspørsel etter fiskehelsekandidatar og alle kandidatar i fiskehelse har fått jobb rett etter avslutta studium.
Som fiskehelsekandidat kan du jobbe:
- som autorisert fiskehelsebiolog i fiskehelsetenesta og havbruksnæringa
- i farmasøytisk industri
- innan diagnostikk
- i Mattilsynet med tilsyn og forvaltning av havbruksnæringa
- innanfor utdanning og forsking
Admission requirements and how to apply
Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.
Requires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. Also requires specialization in mathematics from secondary education. In addition, specialization in either physics, chemistry, biology, information technology, earth science or technology and research theory.
Teaching language
Teaching language: Norwegian
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Study structure
Profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) (lenke) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester (haust):
Enten MAT101 Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I
BIF100 Innføring i fiskehelse og havbruk
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi
2. semester (vår):
BIF101 Organismebiologi for fiskehelse og havbruk
KJEM109 Kjemi grunnkurs
BIF200 Havbruksteknologi
3. semester (haust):
BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar
BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi
BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi
4. semester (vår):
BIO103 Cellebiologi og genetikk
Ex.phil.: enten EXPHIL-MNEKS skuleeksamen eller EXPHIL-MNSEM seminarmodell
LAS301 Kurs i forsøksdyrlære
BIO205A Lovverk og forvaltning i fiskehelse og havbruk
5. semester (haust):
BIO206 Ernæring hos fisk
MOL100 Innføring i molekylærbiologi
BIO273 Fiskesjukdommar - fiskeimmunologi
6. semester (vår):
BIF210 Molekylærbiologiske metodar
BIO207 Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat
LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk
BIO274 Fiskesjukdommar – Farmakologi
7. semester (haust):
BIO270 Fiskesjukdommar - Parasittar
BIO300A Akademisk skriving
BIO300B Biostatistikk
BIO275 Fiskehistopatologi
8. semester (vår):
BIF310 Profesjonsutøving og praksis i fiskehelse
BIO271 Fiskesjukdommar - Virologi
BIO272 Fiskesjukdommar - Bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdommar
9. og 10. Semester:
FISK399 Masteroppgåve i fiskehelse
Study abroad
Det er ikkje tilrettelagt for at du kan reise på utveksling i eit spesifikt semester. Du kan likevel få hjelp av oss til å finne eit særskilt delstudium ved eit av våre samarbeidsuniversitet som kan integrerast i profesjonsstudiet.
Further studies
Fiskhelsekandidatar er også kvalifiserte for vidare doktorgradsstudium på fagfeltet.
Questions about the study?
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.