Barnevernsarbeid - heltid og deltid (master)

Masterprogrammet i barnevernsarbeid skal gi innsikt i ulike sider ved livet til barn, unge og familiar som lever i vanskelege situasjonar, og i kva samfunnsforhold som har mest å seie for korleis dei har det i kvardagen. Frå og med hausten 2024 vil det vere mogleg å søkje om å ta studiet på deltid.

What will you learn?

I dette studiet får du oppdatert kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, kulturelle og politiske forhold, og korleis desse påverkar livet til barn og familiar. Gjennom sjølvstendig arbeid med ei masteroppgåve dannar studiet også grunnlag for vidare forsking og arbeid på høgare nivå (*Ph.d.). 

Studiet har ein ressursbasert tilnærming, dvs. at man ser på kva som allereie finnes av positive faktorar og ressursar, og deretter bruker dem for å oppnå mål og løyse utfordringar, samtidig som det fokuseres på å vektlegge ein forståing av fagfeltet på system nivå.Det er eit mål at du etter fullført studium skal ha ferdigheiter og kunnskapar som kan bidra til å forebygge utanforskap og fremme velferd, helse, medverknad og deltaking for barn, unge og familiar i vanskeleg livssituasjonar.  

Student life

Master i barnevernsarbeid er eit fulltidsstudium på 2 år. Hovudarbeidsformene i studiet er forelesingar, seminar, problembasert læring, individuelle og gruppeoppgåver med og utan rettleiing, sjølvstudium og relevant praksis ut i feltet kor du vil få erfaring frå individ- og systemretta arbeid. Desse arbeidsformene er brukt i ulike emne og kombinert på ulike måtar for å skape samanheng mellom undervisning, læringsutbytte og vurderingsformer. Den planlagde undervisninga utgjer berre ein del av studietida di i løpet av ei veke, resten av tida må du sjølv ta ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga.  

Undervisninga er samlingsbasert og vil i hovudsak vere på norsk, men noko vil og vere på engelsk. Litteraturen er på norsk og engelsk.   

Som student vil du for det meste halde til på Alrek Helseklynge, rett utanfor Bergen sentrum. Der finn du opne lesesalar og mer. 

Career

Med master i barnevernsarbeid kan du arbeide i barnevernsrelaterte yrke. Utdanninga rettar seg mot arbeid i ulike delar av barnevernsfeltet og arenaer som arbeider med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.  

Kandidatane vil få kompetanse som spenner frå individretta arbeid til systemretta arbeid over fleire område. Eksempel på individretta arbeid kan vere arbeid innan barnevern, psykisk helse, kriminalomsorg, barnehage og skole. Eksempel på systemretta arbeid kan vere prosjektleiing knytt til innovasjon, tenesteutvikling og førebygging i dei områda studiet fokuserer på.

Admission requirements and how to apply
Grade requirements: C (2.5)
Requires a minimum average grade of Norwegian grade C (2,5) or the equivalent, to be eligible for admission.

Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian and English

Study structure

Masterprogrammet i barnevern er i hovudsak eit fulltidsstudium som går over fire semester og består av seks obligatoriske emne på 15 studiepoeng og eit masteroppgåveemne på 30 studiepoeng, men man kan også ta studiet på deltid over 3 eller 4 år. Det vil og vere mogleg å innpasse relevant vidareutdanning. For meir informasjon ta kontakt med instituttet.

Studiet på fulltid:

1. semester 

MABVA401 Ulike perspektiv på barn og familiar i utsette livssituasjonar (15 studiepoeng) 

MABVA402 Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslære (15 studiepoeng) 

2. semester 

HEM303 Qualitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng) eller HEM304 Quantitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng)  

MABVA317 Childhood and parenting in diverse contexts (15 studiepoeng) 

3. semester 

MABVA431 Innovasjon, tiltak og prosjektplanlegging (15 studiepoeng) 

MABVA432 Praktisk barnevernsarbeid på system- og individnivå (15 studiepoeng) 

4. semester 

MABVA450 Masteroppgåve i barnevernsarbeid (30 studiepoeng)  

For forslag til deltidsstudieløp, sjå her

Study abroad

Det er ikkje mogleg med utveksling på dette studiet.

Further studies

Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 27 10
E-mail: info.psyfa@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Master's programme in Child Welfare Work