Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Vil du bli logoped? Logopedar arbeider med vanskar knytt til tale, språk, stemme og svelging, og korleis du kan behandle desse. Etterspørselen etter logopedar veks og verdien av denne kompetansen i samfunnet er derfor stor. Som logoped kan du jobbe i utdanningssektoren, helsesektoren eller med forsk
Som student ved masterprogrammet i logopedi vert du kvalifisert til å jobbe som logoped.. Du blir kvalifisert til å førebygge, kartlegge, diagnostisere, behandle og forske på kommunikasjonsvanskar, enten dei er utviklingsrelatert eller oppstår som følge av sjukdom eller skade. Du blir rusta i problemfokusert, kritisk tenking og får kliniske ferdigheiter.
Du får i tillegg avansert kunnskap innanfor logopediens vitskapelege teori- og metodegrunnlag, forståing for logopediens plass innanfor helsefaga, og evne til å analysere faglege problemstillingar. Etter fullført mastergrad kan du gjennomføre og formidle eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt, samt analysere og bruke forsking og informasjonskjelder på ein sjølvstendig måte.
I løpet av studiet vil du oppleve ulike undervisningsformer, som forelesingar, seminar, laboratoriearbeid, praktiske øvingar, masteroppgåve og sjølvstudium. Praksis er ein viktig del av studiet. I tredje semester gjennomfører du ein periode med observasjonspraksis for å bli kjent med logopediske arbeidsmetodar. I fjerde semester får du sjølv utføre logopedisk arbeid under rettleiing i fordjupingspraksis.
Første året på studiet er prega av teoretisk undervisning med obligatorisk gruppearbeid og seminarundervisning. Det andre året fokuserer du på kliniske tema i logopedi, praksis og masteroppgåva.
Studiet har eit helsefagleg fokus, som gir deg djupare innsikt i korleis anatomiske strukturar gir rammer for menneskeleg kommunikasjon, og korleis sjukdom og skade kan påverke desse ferdigheitene.
Som logoped kan du blant anna arbeide innanfor utdanningssektoren, helsesektoren eller i forsking og utvikling. Jobbmoglegheiter kan til dømes vere i:
Kommunikasjonsvanskar kan vere enten medfødt eller oppstå som følge av sjukdom eller skade. God kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, er viktig for sosialt samspel og for å fungere i utdanning og arbeidsliv. Etterspørselen etter logopedar aukar , og samfunnet treng derfor fleire logopedar for å møte dette behovet.
Read interviews with former studentsStudents with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Søknadsfristen er 15. april.
Teaching language: Norwegian
1. semester
Innføring i logopedi (LOGO310, 15 studiepoeng)
Statistikkinnføring for logopedar (LOGO318, 5 studiepoeng)
Forskingsmetode og etikk – master i logopedi (LOGO319, 10 studiepoeng)
2. semester
Logopediske særemne (LOGO320, 25 studiepoeng)
3. og 4. semester
Vitskapsteori og forskingsetikk for logopedar (LOGO324, 15 studiepoeng)
Fordjupingsemne (LOGO325, 5 studiepoeng)
Praksis i logopedi (LOGO335, 15 studiepoeng)
Masteroppgåve i logopedi (LOGO345, 30 studiepoeng)
Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar. Logopediprogrammet har utvekslingsavtale med University of Arizona, Tucson, Arizona i USA og deltar aktivt i SLP-IN, eit internasjonalt nettverk for logopedutdanning.
Med ein mastergrad i logopedi får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kan lese meir om Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet her: Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.
Study plan for Master's programme in health sciences - Logopedics