Politikk og forvaltning (master)

Politikk og forvaltning er eit statsvitskapeleg studium i offentleg politikk, organisering og administrasjon. Her lærer du om politikken og forvaltninga si rolle i å handtere ulike utfordringar i samfunnet. Faget legg vekt på, politisk åtferd, demokrati og deltaking.

What will you learn?

Studiet legg særleg vekt på teoriar om organisasjonar og organiserte tiltak, og politiske institusjonar og demokrati.  

  • Korleis blir eit land styrt på best måte? 
  • Korleis fungerer ulike styringsorgan, politiske institusjonar og myndigheiter? 
  • Kva er utfordringane med NAV-reforma, politireforma eller andre reformer? 
  • Korleis handterer eit demokrati klimaproblem, fattigdom og flyktningkrise? 

Her lærer du om politikken og forvaltninga si rolle i å handtere slike utfordringar og problem.  

Med ein mastergrad i politikk og forvaltning får du:  

  • ei allsidig teoretisk og metodisk opplæring, og gode analytiske evner
  • god oversikt og avansert kunnskap om nyare teori og forsking om organisasjonar, offentleg forvaltning,  politikk og styring 
  • evne til kritisk tenking, og kunnskap til å gjennomføre analyse om offentleg politikk og styringsutfordringar 
  • evne til å diskutere, analysere og utnytte fagleg innhald
Student life

Læringa skjer gjennom forelesingar, seminargrupper og sjølvstudium, og vert avslutta med at du skriv ei sjølvstendig masteroppgåve. Undervisninga er organisert i blokker, slik at du slepp å ta fleire emne på ein gong.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Alle emna er obligatoriske, med unntak av andre semester, der du kan velje emne tilsvarande 10 studiepoeng. 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid. Når du jobbar med oppgåva, får du god oppfølging og rettleiing av ein fagperson på instituttet. Du får òg eit unikt innblikk i forskarverda gjennom deltaking på forskargruppeseminar i lag med dei vitskaplege tilsette.

Som masterstudent får du tildelt arbeidsplass på lesesalen. Masterstudentane har òg eit godt sosialt miljø og eit Masterutval som står bak ulike arrangement gjennom semesteret, og som er studentane sitt talerøyr opp mot instituttet.  

Career

Etter avslutta studium har du ei inngåande forståing av samfunn, politikk og forvaltning, og kva for konsekvensar politikk, organisering og styring har for enkeltmenneska og for samfunnet. Dette er kunnskap som gjer deg attraktiv for mange ulike arbeidsgjevarar.    

Tidligere studenter jobbar blant anna med:   

  • leiing og organisasjonsutvikling  
  • kommunikasjonsarbeid  
  • rådgjeving og administrasjon  
  • saksbehandling i stat, fylke eller kommune  
  • ideelle og internasjonale organisasjonar  
Admission requirements and how to apply
Grade requirements: C (3.0)
Requires a minimum average grade of Norwegian grade C (3,0) or the equivalent, to be eligible for admission.

Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.

For å søke på studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Mastergradstudiet i politikk og forvaltning er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.   

1. semester

GOV320 Organisasjonsteori (10 studiepoeng)

GOV322 Offentleg politikk (10 studiepoeng)

GOV323 Kvalitativ metode (10 studiepoeng) 

2. semester

GOV321 Kvantitativ metode (10 studiepoeng)

GOV332 Forskingsdesign (10 studiepoeng)

10 studiepoeng blant følgande emne: 

GOV325 Skjøn og paternalisme (10 studiepoeng)

GOV326 Politisk organisering og flernivåstyring (10 studiepoeng)

GOV327 Kunnskap, politikk og styring (10 studiepoeng)

GOV328 Leadership in Organizational and Cultural Contexts (10 studiepoeng)

GOV360-1 Global: Globally Organized Crime and Network Analysis (5 studiepoeng)

GOV360-2 Global: Politics and Governance of Migration (5 studiepoeng)

GOV360-3 Global: Gendered Autocratization as a global challenge (5 studiepoeng)

GOV360-4 Global: China in Global Politics (5 studiepoeng)

GOV360-5 AI for good? The Global Governance and Politics of Technology (5 ECTS)

GOV360-6 Global: Politics and Child Protection (5 ECTS)

GOV360-7 Climate politics: The challenge of Autocratization and the climate emergency (5 ECTS)

3. og 4. semester

GOV350 Masteroppgåve i politikk og forvaltning (60 studiepoeng)

Oppgåva er eit stykke sjølvstendig forsking, med regelmessig individuell rettleiing.

Sjå oversikt over alle emne

Study abroad

Du kan ta delar av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Vi anbefaler at du drar ut i andre semester, og at du finn emne som svarar til dei to obligatoriske forskingsemna i graden.  

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser, og som er mogleg å gjennomføre på masternivå. 

See recommended exchange agreements

Further studies

Med ein mastergrad kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 98 50
E-mail: studieveileder.gov@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Master's Programme in Politics and Governance