Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Samanliknande politikk er studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. På masterstudiet får du fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen. Du får svært gode metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter.
Masterstudiet lar deg fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen frå første dag, og er konsentrert om retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.
Studiet tar for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema. Som masterstudent kan du bruke dine analytiske ferdigheiter til å analysere ei rekke former for kvalitative og kvantitative data i landsspesifikke studium, og på breie tverrnasjonale studium.
Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har mange gode utvekslingsavtalar rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte.
Masterprogrammet legg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda).
Dette er eit krevjande fulltidsstudium med tilnærma fulle arbeidsveker. Du må rekne med mykje sjølvstudium og rundt 6-8 timar undervisning kvar veke. Den vanlegaste undervisningsforma på studiet er seminarundervisning i mindre grupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du får tilgang til arbeidsplass på eigen lesesal for studieprogrammet.
Som masterstudent får du god oppfølging av rettleiaren din. Du vil òg bli involvert i ei forskingsgruppe med dei vitskaplege tilsette både gjennom valemne og aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgåva. Masterstudentane vert raskt godt kjent med medstudentar og dei tilsette.
Instituttet har ein eigen kodeklubb som er eit fagleg-sosialt møtepunkt tidleg i studieløpet, og som hjelper deg med statistikkprogrammet R.
Det er eit godt miljø på faget med mykje sosialt du kan velje å vere med på.
Med ein mastergrad i samanliknande politikk får du metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter, kvalifikasjonar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Både offentleg og privat sektor kan vere aktuelt.
Du kan arbeide
Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Teaching language: Norwegian
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Masterstudiet i samanliknande politikk er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.
1. semester
SAMPOL305 – Multivariat dataanalyse (15 studiepoeng)
SAMPOL306 – Masterseminar i samanliknande politikk (15 studiepoeng)
2. semester
SAMPOL307 – Forskingsdesign og kvalitative metodar (10 studiepoeng)
Valfritt emne (10 studiepoeng)
Valfritt emne (10 studiepoeng)
Det vert normalt tilbydd fem valfrie emne i andre semester. Dei valfrie emna er knytt til forskingsgruppene og utgjer eit breitt tilbod innan faget. Det er moglegheit for å reise på utveksling i andre semester.
3. og 4. semester
SAMPOL350 – Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Du vel sjølv tema for masteroppgåva.
Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk og få internasjonal erfaring, noko som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du vert oppmoda til å reise på utveksling i andre semester. På utveksling tar du emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller ein tilrettelagt versjon av Forskningsdesign og kvalitative metodar.
Du kan søke om å ta doktorgradstudiet (ph.d.).
Du kan bli lektor om du tar eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.