Spesialistutdanning i odontologi
Er du utdanna tannlege, kan du ta spesialistutdanning i odontologi og styrke og utvide din teoretiske og kliniske kompetanse. Du kan velje mellom sju ulike fagområde å spesialisere deg i.
- Study places
- 10
- ECTS credits
- 180
- Start of study
- Autumn and spring
- Teaching language
- Norwegian and English
What will you learn?
På dette studiet søker vi kontinuerleg etter den beste behandlinga basert på biologiske faktorar, tilgjengeleg teknologi og vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar.
Spesialistutdanninga
- er fagleg stimulerande
- har høg klinisk relevans
- er utgangspunkt for ytterlegare fagleg fordjuping ved eventuelle framtidige forskingsprosjekt
- gir deg sterk tilknyting til fagmiljøet ved Institutt for klinisk odontologi og kan vere utgangspunkt for tilsetting i undervisninga etter fullført studium
Utdanninga gjer deg i stand til å utføre komplisert behandling for pasientar, forankra i vitskapleg og tverrfagleg forståing. Samfunnet har behov for å tilby og vidareutvikle den beste, forskingsbaserte behandlinga til pasientane. Dette gjeld særleg i dei tilfella der allmenntannlegen sin kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe pasienten. Studiet er del av ei nasjonal satsing på odontologisk kompetanseheving.
Student life
Du kan spesialisere deg i endodonti, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, pedodonti, periodonti og protetikk.
På spesialistutdanninga får du implementere og fordjupe deg i avanserte kliniske teknikkar i eit tverrfagleg og stimulerande miljø. Du får tett oppfølging av både vitskaplege og kliniske rettleiarar, og du kan bli medlem i ei forskargruppe.
Tidlegare studentar har sett pris på den store nytteverdien og det tverrfaglege miljøet med gode samarbeidspartnarar.
Studiet er lagt opp av klinisk pasientbehandling, seminar, praktiske øvingar, kurs og sjølvstudium. Det meste er obligatorisk, og du må rekne med fulle dagar, om lag 35 timar i veka. Litteraturen og undervisninga er på skandinaviske språk og engelsk.
Under studiet er det obligatorisk å nytte klinikkarbeidstøy med korte ermer. Les meir på nettsida til Institutt for klinisk odontologi (IKO).
Career
Spesialistutdanninga leier til offentleg spesialistgodkjenning som tannlege i ditt fagområde. Det er behov for spesialistar i odontologi i både privat og offentleg sektor.
Andre aktuelle karrierevegar er
- stipendiatstilling og forskarutdanning til ph.d.-graden
- overtannlegestilling ved IKO
- klinisk rettleiarstilling knytt til spesialistutdanninga ved IKO
- konsulentverksemd i fagforeininga eller i den private legemiddelindustrien
- kurshaldar for ulike aktørar innan fagområdet
Admission requirements and how to apply
Students with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
Opptakskrava til studiet er bestått odontologisk grunnutdanning, oppfylling av språkkrava i norsk/skandinavisk og engelsk, norsk autorisasjon som tannlege og
minimum to års erfaring på fulltid frå allmennpraksis i eit nordisk land på tidspunktet du søker.
Teaching language
Teaching language: Norwegian and English
Study structure
Spesialistutdanninga i odontologi er eit treårig fulltidsstudium på 180 studiepoeng med oppstart i august og januar.
Praksis
Det aller meste av klinisk trening og praksis blir utført ved Spesialistklinikken ved IKO, klinikk for oral kirurgi og oral medisin, klinikk for kjeveortopedi, klinikk for kjeve- og ansiktsradiologi og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Hordaland. Noko av det kliniske arbeidet kan du utføre ved andre institusjonar, som Haukeland universitetssjukehus (HUS) og regionale odontologiske kompetansesenter (ROK) som er godkjent av instituttet.
Spesialistoppgåve
Du skal skrive ei spesialistoppgåve basert på eiga forsking eller litteraturstudium som du arbeider med parallelt gjennom heile studiet. Totalt er den anslått til å ta eitt semester å skrive. Du får ein vitskapleg rettleiar ved studiestart, og saman avklarar de tema for oppgåva. Du kan skrive oppgåva i samarbeid med andre institutt eller ROK.
Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.
Klinikkarbeidstøyet består av klinikkbukser og korterma kittel for å sikre adekvat handhygiene. Religiøse hovudplagg som nyttast i klinikken, sjåast som arbeidstøy, og skal følgje reglene for arbeidstøy.
Alt arbeidstøy eigast av Odontologisk Universitetsklinikk og vert lånt ut til studentane.
Sjå meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB.
Fields of study
Possible specializations for this programme.
Study abroad
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.
Further studies
Du kan gå vidare med ph.d.-studium og ta ein doktorgrad.
Questions about the study?
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.