Kjønn, seksualitet og mangfold (årsstudium)
På kjønnsstudium utforskar vi spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald. Det lar oss betre forstå både menneska og det samfunnet vi lever i. Samtidig blir arbeid mot diskriminering og for sosial rettferd meir og meir viktig i vår globaliserte samtid.
- Duration
- 1 year
- Study places
- 15
- ECTS credits
- 60
- Start of study
- Autumn
- Teaching language
- Norwegian
What will you learn?
Tematisk har kjønnsstudiet særleg fokus på samspelet mellom kjønn, seksualitet og mangfald, og ulike maktstrukturar i samfunnet. Vi undersøker også korleis kjønn, seksualitet og mangfald kjem til uttrykk i kunst og kultur. Du lærer å forstå og analysere kjønn, seksualitet og mangfald frå ulike teoretiske perspektiv, så som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, interseksjonalitet, postkolonial teori og globaliseringsteori.
Døme på spørsmål vi drøftar:
- Kva er kjønn, kva er seksualitet og korleis kan vi tenke nytt om mangfald?
- Korleis endrar forståinga av kjønn seg over tid?
- Kva betydning har ulike forståingar av kjønn, seksualitet og mangfald for kvart enkeltindivid og for samfunnet som heilskap?
- Kva debattar er sentrale i diskusjonen av kjønn, seksualitet og mangfald i dag?
- Kan litteratur, film og kunst vise oss nye måtar å tenke om kjønn, seksualitet og mangfald?
Student life
Dette er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og forelesingar. Forelesingane går i all hovudsak føre seg på norsk, men pensumlitteraturen kan vere på både norsk og engelsk. I undervisninga vert det lagt til rette for at du er aktivt med i diskusjonane. Vi diskuterer dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.
Her møter du folk med ulik fagbakgrunn og mange blir inspirert av å lære av kvarandre og ikkje berre av faglitteraturen.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.
Career
Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald er etterspurt kompetanse i mange yrke. Aktuelle jobbar er:
- rettleiar for minoritetsspråklege
- rekrutterar
- rådgjevar for private verksemder og ideelle organisasjonar
- administrasjonsansvarleg
- lærar
- forskar
- rådgjevar innanfor studieadministrasjon
- kommunikasjonsrådgjevar
Admission requirements and how to apply
You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.
Teaching language
Teaching language: Norwegian
Study structure
Studieløpet kan sjå slik ut:
1. semester
Likestilling og mangfald (15 studiepoeng)
Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng)
2. semester
Kjønn i det moderne (15 studiepoeng)
Eitt av emna:
Kjønn, seksualitet og kultur (15 studiepoeng)
Familien i endring (15 studiepoeng)
Kjønn og litteratur (15 studiepoeng)
Kjønn og seksualitet i ein global kontekst (15 studiepoeng)
Study abroad
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.
Further studies
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å bytte studieprogram til bachelorprogram i kjønnsstudium. Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Dersom du allereie har ein bachelorgrad, kan årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald gi eit godt grunnlag for ulike masterprogram i kjønnsstudium.
Questions about the study?
Study plan
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.
Study plan for One-year Programme in Gender, Sexuality and Diversity