Geografi (årsstudium)

På geografistudiet lærer du om samspelet mellom miljø, natur og samfunn. Vi studerer samfunnsaktuelle tema som grøn omstilling, klimaendringar, naturfarar, global ulikskap, klima- og energiomstilling, matsikkerheit og forvaltning av naturressursar.

What will you learn?

På årsstudium i geografi lærer du det grunnleggande i geografifaget, både i samfunns- og naturgeografi.

Du får kunnskap om:  

  • kartografi, inkludert innsamling og presentasjon av geografiske data og tematiske kart
  • det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære
  • klassiske og nyare teoriar om tilhøvet mellom landbruk, skogbruk, befolkningsutvikling og miljø

Vi drøftar problemstillingar som:  

  • Korleis kan vi takle vår tids store utfordringar som klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon på lokalt plan?  
  • Kva effekt har menneskelege handlingar på natur og produksjonssystem, og kva er årsakene til dei endringane som skjer?  
  • Korleis har klima og miljø endra seg i fortida, og korleis kan denne kunnskapen brukast til å forstå dei endringane som skjer i dag, og kva vi kan forvente i framtida?  
  • Korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd
Student life

Årsstudiet i geografi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

Som geografi-student høyrer du til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Undervisninga skjer på campus og føregår på norsk. Litteraturen er på norsk og engelsk. Du kan studere fleire stader på UiB, til dømes på lesesalane på Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV-fakultetet. 

Ei normal studieveke inneheld om lag 8-10 timar undervisning. Når det ikkje er undervisning er det sjølvstudium som gjeld. 

I andre semester er det to feltkurs som går over tre-fem dagar. På feltkursa får du erfaring med gruppearbeid og å samle inn eigne data for å kunne svare på ei aktuell fagleg problemstilling. Feltkursa går føre seg utanfor campus.


 

Career

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning, eller vil teste ut om geografistudiet er noko for deg. Årsstudiet i geografi gir kompetanse til å undervise i geografi i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Eit årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av ein bachelor i geografi.

Ein grad i geografi gjer deg betre kvalifisert for jobbar innan planlegging, regional utvikling og miljøforvaltning, i både offentleg og privat sektor.

Read interviews with former students
Admission requirements and how to apply
Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Årsstudium i geografi varar i eitt år (to semester) og startar i august. Årsstudiet svarar til det første året av bachelorprogrammet i geografi.

Slik er studiet bygd opp:

1. semester

GEO110 Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)

GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)

GEO131 Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)

2. semester

GEO111 Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)

GEO124 Regional utvikling (15 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Study abroad

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

See recommended exchange agreements

Further studies

Eit årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av ein bachelor i geografi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i geografi.

Questions about the study?

Phone number: 55 58 98 50
E-mail: studieveielder.geog@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for One-year Programme in Geography